Kulturprisen for 2022 til Grand Prix ved Volda Ungdomsskule

Astrid Gjersdal  Rektor Inger Anne Kvamme og lærar Klaus Blø tok i mot prisen på vegne av Grand Prix ved Volda ungdomsskule

Kulturprisen 2022 

Årets kulturprisvinnar står i ei heilt særeigen klasse.  Årets kulturprisvinnar skaper kultur, kreativitet, mot og samhald i eit fellesskap som inkluderer ALLE.  Og det har dei gjort i 20 år. 

Retningsliner for kulturprisen seier følgjande:

· Volda kommune sin kulturpris blir utdelt som honnør til mottakaren for verdifull innsats for kulturlivet i kommunen. Prisen blir delt ut kvart år. 

· Målsettinga med prisen er å stimulere kulturarbeidet i kommunen. 

· Kulturprisen kan tildelast enkeltpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar eller institusjonar som er heimehøyrande i Volda kommune, og som har vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege. Kulturprisen kan også delast ut til kandidat som ikkje er busett i kommunen, dersom kulturinnsatsen har kome, eller kjem Volda kommune til gode. 

 

Vurderingskriterier for Volda kommune sin kulturpris er: 

o    Over tid – «lang og tru teneste» 

o    Mangfald - innsats innanfor fleire område av kulturlivet 

o    Kvalitet – fremjing av/utøving av kultur av høg kvalitet, medverknad til heving 

o    Særskilde grupper – verdifull kulturinnsats for grupper med særskilde behov 

o    Formidling/marknadsføring av eit kulturområde i kommunen og ut over kommunegrensa
 

Då juryen for Kulturprisen, samansett av ordførar Sølvi Dimmen og leiar og nestleiar for tenesteutvalet for Oppvekst og Kultur, høvesvis Rebecca Riise Bjerknes og Kari Aslaug Hasle, avgjorde å gi kulturprisen til “Grand Prix ved Volda Ungdomsskule” var det nettopp desse vurderingane som ein etter ein la tunga på vektskåla. 

 

Det unike med Grand Prix ved ungdomsskulen i Volda, er at det omfattar alle. Både alle elevane og alle fagmiljøa bidreg inn i prosjektet og inn i fellesskapet med sine styrkar og får oppleve mestring og skaparglede. Det løftar viktigheita av dei praktiske og estetiske kulturfaga, og saman med den heilskaplege innvolveringa er dette er ein viktig nøkkel for at skulen kan gjennomføre Grand Prix år etter år.

 

Skulen får med dette løfta fram kultur og samspel mellom elevar i form av song, musikk, dans og kreativitet som viktig for livet. Satsinga ved skulen på Grand Prix fungerer i samspel med til dømes arbeidet ved ballettskulen, musikk- og kulturskulen, og elevar får ei tydeleg erfaring av at musikk og kultur er verdsett i skule og samfunn.  

 

Volda kommune er glade og stolte over å overrekke Kulturprisen for 2022 til Grand Prix ved Volda Ungdomsskule.