Kun digital utsending til bedrifter og organisasjonar

Kun digital utsending til bedrifter og organisasjonar

Brev som Volda kommune sender til verksemder og organisasjonar vil frå 12. april kun bli sendt digitalt til meldingstenesta i Altinn. Forsendingar vil med andre ord ikkje bli sendt pr post dersom dei ikkje er opna i Altinn innan lesefristen. 

Merk at dette gjeld alle som er registrert i Einingsregisteret og som har eit organisasjonsnr;, også lag og foreningar, veglag, grendalag, sjølvstendig næringsdrivande, enkeltmannsforetak, ANS (solidarisk ansvar) eller DA (Delt ansvar) osv.

Når eit nytt dokument er sendt frå kommunen, sender Altinn varsel til den eller dei varslingsadressane (epostadresse eller mobiltelefonnummer) som verksemda eller organisasjonen sjølv har oppgitt i Einingsregisteret eller i profilen i Altinn. Det er viktig at bedrifter, organisasjonar og alle andre som som er oppført i Einingsregisteret har gode rutinar rundt postmottak i Altinn og at dei er merksam på følgjande:

  • Ein eller fleire varslingsadresser (epost eller mobiltelefonnummer) er registrert i profilen i Altinn.
  • Sjå til at nokon opnar brev og dokument som kjem i innboksen. Styreleiar og dagleg leiar har automatisk tilgong. Ved hjelp av rolla "Post/arkiv" kan rettane delegerast til andre i verksemda/organisasjonen.

På nettstadane www.altinn.no (http://altinn.no/) og www.brreg.no (http://brreg.no) (Brønnøysundregisteret) vil du kunne finne meir informasjon.

Digitale forsendingar er i tråd med gjeldande regelverk og i tråd med regjeringa sitt digitaliseringsprogram med mål om digitalt førsteval. Volda kommune ønsker med dette endringa å bidra til redusert miljøbelastning og reduserte kostnader.