Svar på melding om hogst i den utvalde naturtypen olivinskog
Det vart fatta følgjande tre delegerte vedtak 09.01.25 og 11.02.25:
1:
Volda kommune godkjenner hogsten i den utvalde naturtypen olivinskog på gnr 92 bnr 7, dette med heimel i § 54 i naturmangfoldlova. Grunngjevinga er at hogsten/stell av skogen er eit lite tiltak som er positivt for naturtypen når den vert gjennomført etter vilkåret.
Vilkår:
- Det er nyleg utført tre registreringar av raudlisteartar i området, dei må det takast omsyn til ved hogst av vindfall og stell av skogen i området.
Vedtaksbrev (PDF, 2 MB)
2:
Volda kommune godkjenner hogsten i den utvalde naturtypen olivinskog på gnr. 91 bnr. 3, dette med heimel i § 54 i naturmangfaldlova. Grunngjevinga er at hogsten er eit lite tiltak som er positivt for naturtypen når den vert gjennomført etter vilkåret.
Vilkår:
- Plukkhogsten skal gjennomførast som ei skånsam lukka hogst, og det skal takast omsyn til sensitive artar, mis-figurarar og registrerte raudlista artar i området.
Vedtaksbrev (PDF, 2 MB)
3:
Volda kommune godkjenner hogsten i den utvalde naturtypen olivinskog på gnr. 91 bnr. 1, dette med heimel i § 54 i naturmangfaldlova. Grunngjevinga er at hogsten er eit lite tiltak som er positivt for naturtypen når den vert gjennomført etter vilkåret.
Vilkår:
- Plukkhogsten skal gjennomførast som ei skånsam lukka hogst, og det skal takast omsyn til sensitive artar, mis-figurarar og registrerte raudlista artar i området.
Vedtaksbrev (PDF, 2 MB)
Etter § 56. i naturmangfoldloven skal løyve til tiltak i ein utvalt naturtype kunngjerast i ein avis. Kunngjering i avisa Møre 21.02.2025.
Klagefristen er tre veker og ev. klagar stilast til Volda kommune. Miljødirektoratet er endeleg klageinstans.