Kunngjering - Hogst i den utvalte naturtypen olivinskog

Kunngjering - Hogst i den utvalte naturtypen olivinskog

Skogsbotn

Svar på melding om hogst i den utvalte naturtypen olivinskog

Tenesteutval for forvaltning og utvikling fatta følgjande vedtak 30.01.2023 i politisk sak 10/23:

Tenesteutval for forvaltning og utvikling godkjenner hogsten i den utvalte naturtypen olivinskog, dette med heimel i § 54 i naturmangfoldlova. Grunngjevinga er at hogsten er eit lite tiltak som er positivt for naturtypen når den vert gjennomført etter vilkåra.

 

Vilkår:

  • Hogsten skal gjennomførast som ei skånsam lukka hogst.
  • Under hogst må skogeigar unngå å leggje kvist og byggje humus, på grunnlendte bergrabbar.

 

Etter § 56. i naturmangfoldloven skal løyve til tiltak i ein utvalt naturtype kunngjerast i ein avis.

 

Klagefristen er tre veker frå vedtaksdato. Eventuell klage stilast til Volda kommune. Miljødirektoratet er endeleg klageinstans.