Kunngjering med høyringsfrist for E39 Volda-Furene

Kunngjering med høyringsfrist for E39 Volda-Furene

Bilete av Espen Solem og Bjørn Wold i Statens vegvesen som undersøker grunnen i samband med bygging av E39 Volda-Furene - Klikk for stort bilete Bente Engeseth Espen Solem og Bjørn Wold frå Statens vegvesen undersøkte grunnen i området ved rundkjøringa i Vikebygdvegen. Statens vegvesen varslar oppstart av arbeid med endring av områderegulering for E39 Volda-Furene.

Statens vegvesen vil i samarbeid med Volda kommune starte opp arbeid med endring av områderegulering for E39 Volda-Furene.  Det vert ope informasjonsmøte og moglegheit for å kome med innspel. Det er frist for å kome med innspel 13. juni 2022.  

Det er ønskje om å gjere endringar både i Furene og i Volda. Statens vegvesen ber no om innspel til planarbeidet.

Kvifor vil Statens vegvesen gjere endringar i gjeldande reguleringsplan og kva for endringar er aktuelle å gjere?

  • E39 Volda-Furene har vore gjennom to tidlegare planprosessar. Først kommunedelplanen for prosjektet som vart godkjent i 2014 og deretter reguleringsplanprosessen med godkjenning av reguleringsplanen i 2018. Planane har ulik teknisk løysing i Volda. Ny teknisk løysing tek sikte på å ligge tettare opp til løysinga skissert i kommunedelplanen.
  • Statens vegvesen vil redusere kostnadane og unngå 8 % stigning i Vikebygdvegen mellom rundkøyringane.
  • Ved å heve høgda på veg og tunnel (linjepålegget) kan tunnelen planleggjast med sjølvfall og det blir då ikkje lenger nødvendig å bygge ein pumpesump inne i fjelltunnelen. I tillegg til investeringskostnaden unngår ein årlege driftskostnader til utpumping av tunnelvatn.
  • Redusere stigninga frå tunnelportalen og fram til rundkøyringa i Sjukehuskrysset på Volda-sida. I gjeldande reguleringsplan er denne strekninga planlagt med 5 % stigning.
  • Anleggsgjennomføringa vil bli enklare med mindre omfattande byggegrop i Volda.
  • Forenkle lokalvegsystemet i Volda.
  • Fjerne «Stjernebrua» i Sjukehuskrysset og i staden planlegge prosjektet med undergangar.
  • Heve høgda på vegen (linjepålegget) i Furene, slik at lengda på tunnelportalen kan reduserast.

Ope informasjonsmøte

Det blir arrangert ope informasjonsmøte om planarbeidet måndag den 30. mai kl. 1 8-20 på Volda samfunnshus. Statens vegvesen vil orientere om bakgrunn for planarbeidet og kvifor det er ønske om å endre godkjent reguleringsplan, samt vidare planprosess. Det vil bli mogleg å følgje møtet digitalt.

Høyringsfrist13. juni

Vi ber om å få sendt eventuelle innspel til varsel om oppstart skriftleg innan 13. juni 2022 til Statens vegvesen Utbygging, Postboks 1 01 0 Nordre Ål, 2605 Lillehammer, eller pr. e-post til firmapost@vegvesen.no


Spørsmål om planarbeidet kan rettast til:

  • Prosjektleiar Rolf Arne Hamre, tlf. 909 22 459, e-post rolf.hamre@vegvesen.no eller
  • Planleggingsleiar Gisle Fossen, tlf. 975 1 1 892, e-post: gisle.fossen@vegvesen.no eller
  • Volda kommune v/planleggar Heidi Istad, tlf. 469 1 5 455, e-post heidi.istad@volda.kommune.no

Her kan du lese meir om E39 Volda-Furene på Statens vegvesen sine nettsider.

Brev frå Statens vegvesen 13.05.22 - Varsel om oppstart av planarbeid E39 Volda-Furene (PDF, 3 MB).