Kunngjering – Områderegulering for E39 Volda - Furene - endra reguleringsplan

Kunngjering – Områderegulering for E39 Volda - Furene - endra reguleringsplan

Kommunestyret har i møte 14.12.2023 vedteke Områderegulering med namn E39 Volda - Furene - endra reguleringsplan og planident 2022002.

 Utforming av kryss mellom E39, Elvegata og Vikebygdvegen. - Klikk for stort bileteUtforming av kryss mellom E39, Elvegata og Vikebygdvegen. Illurtasjon Statens vegvesen

Områderegulering for E39 Volda - Furene med planID 2022002 med plankart datert 04.12.2023, føresegner datert 04.12.2023 og planomtale datert 04.12.2023 vert godkjent i medhald av plan- og bygningslova § 12-12. 

Eldre reguleringsplanar vert oppheva

Dei delane av eldre reguleringsplanar som heilt eller delvis vert omfatta av den nye reguleringsplanen vert oppheva. Dette gjeld Langvatnfeltet med planid 1964002 Del av Langvatn og Abeltun med planid 1991001, Abeltun med planid 1993003, Nygardsvegen 2 og 4 med planid 2014002, E39 Volda - Furene med planid 2016001 og Røysmarka med planid 1995002.

Planvedtaket vert hermed kunngjort i samsvar med plan- og bygningslovens § 12-12. 

Planen kan påklagast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 3 veker frå kunngjeringsdato.

Aktuelle plandokument kan ein finne i kommunen sitt planregister (arealplaner.no)

Informasjon om klage finn ein her:

https://www.volda.kommune.no/tenester/bygg-eigedom-og-plan/byggesak/klage-pa-vedtak/