Kunngjering: Oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale for Heltnemarka

Kartteikning med planavgrensing Heltnemarka - Klikk for stort bilete kart

Varsel om oppstart av forhandlingar med grunneigaren/utbyggaren som skal bygge ut reguleringsplan med planid 2021001.

I samsvar med plan- og bygningslova 27. juni 2008 nr. 71 § 17-4 første ledd vert det varsla at Volda kommune ved sektor for samfunnsutvikling, startar opp forhandlingar med grunneigaren/utbyggaren som skal bygge ut reguleringsplan med planid 2021001.

 

Utbyggingsavtalen vil i hovudsak omhandle opparbeiding, etablering og drift av teknisk infrastruktur innanfor reguleringsområdet. I hovudsak vil dette være etablering og overtaking av veg, vatn og avløp i bustadfeltet. Ved semje vil utbyggingsavtalen forhandla fram verte lagt ut til offentleg ettersyn før den vert fremma for politisk behandling.

Det er Norhus Ørsta AS som er avtalepart for Volda kommune i utbyggingsavtala.

Spørsmål/innspel til forhandlinga kan rettast skriftleg til:

Volda kommune v/Sektor for samfunnsutvikling

E-post: postmottak@volda.kommune.no

Postadresse: Stormyra 2, 6100 Volda

Frist: 3 juni 2022

 

Merk førespurnaden med saksnummer: 22/1687 Utbyggingsavtale Heltnemarka

Kontaktperson ved spørsmål:

Lars Fjærvold, e-post: lars.fjervold@volda.kommune.no

 

Kart – Planavgrensing Heltnemarka