Vi viser til igangsetting av planarbeid for Detaljregulering for Aasenkvartalet. Planoppstart vert hermed varsla i samsvar med plan- og bygningslovens § 12-8.
Målet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av kunnskapspark/innovasjonssenter med kontor/næringsareal, hotell, parkeringskjellar under terreng og uteopphaldsareal. Det er ønskjeleg å legge til rette for oppføring av ny bygningsmasse i inntil 6 etasjar over parkeringskjellar med køyretilkomst frå Joplassvegen. Dette tilsvarer konkurranseutkastet «Og den leiken den ville han sjå» utarbeida av Ratio Arkitekter AS, som vart vinnaren av plan- og designkonkurransen for utvikling av området. Gjennom arbeidet med reguleringsplanen for Aasenkvartalet ønskjer kommunenå legge til rette for at byggetrinn 1 og 2 kan realiserast.
Planområdet på om lag 14,5 daa.
Kartutsnitt av området for detaljregulering for Aasenkvartalet
Karttutsnitt
Kommunen vurderer at det ikkje er krav om konsekvensutgreiing.
Naboar, grunneigarar og offentlege instansar vert varsla i eige skriv. For meir informasjon om planarbeidet kan ein ta kontakt med planleggjar Heidi Istad på tlf. 46 91 54 55 – epost: heidi.istad@volda.kommune.no.
Innspel til planarbeidet merkast med sak 22/37 og sendast til:
postmottak@volda.kommune.no eller til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.
Frist for innspel: 21. juni 2022.