Kunngjering - Svar på melding om hogst i den utvalte naturtypen olivinskog Skogsbotn B. K. Krøvel Det vart fatta følgjande delegert vedtak 06.03.23: Landbrukskontoret Ørsta Volda, etter delegasjon frå Volda kommune godkjenner hogsten i den utvalte naturtypen olivinskog på gnr 91 bnr 1, dette med heimel i § 54 i naturmangfoldlova. Grunngjevinga er at hogsten er eit lite tiltak som er positivt for naturtypen når den vert gjennomført etter vilkåret. Vilkår: - Plukkhogsten skal gjennomførast som ei skånsam lukka hogst, dette gjeld ikkje hogst på vindfallsflatene kor ein må forsøke å rydde mest mogleg av dei skada trea. Etter § 56. i naturmangfoldloven skal løyve til tiltak i ein utvalt naturtype kunngjerast i ein avis. Klagefristen er tre veker og ev. klagar stilast til Volda kommune. Miljødirektoratet er endeleg klageinstans. Svar på melding om hogst i utvalt naturtype - Anders Bjørkedal - 1577 Volda - gnr 91 bnr 1 - Olivinskog (PDF, 2 MB) Publisert 13.03.2023 09:38 Sist endra 13.03.2023 09:39