Møre og Romsdal fylkeskommune varsla i brev datert 31.01.2022 om oppstart av planarbeid for strekninga fv. 60 Tomasgard–Røyrhus. Reguleringsplanforslaget for delstrekninga frå Raftevollen til Røyrhus nærmar seg no fullføring, og det har vist seg nødvendig å gjere nokre mindre endringar i den varsla plangrensa. Desse utvidingane er viste med blå stipla linje i kartutsnitta i vedlegget.
I samsvar med pbl § 12-8 blir aktuell mynde, grunneigarar, naboar og relevante organisasjonar varsla direkte med brev, og varselet blir lagt ut på fylkeskommunen og kommunane sine heimesider. I samråd med kommunane er det vurdert ikkje naudsynt å annonsere i avis.
Endringane gjeld
i Volda kommune:
- Ved Raftevollen trengs meir plass til midlertidig bru.
- Ved Furebakken er det aktuelt å lagre massar.
- Ved Orremyra er det aktuelt å lagre massar.
- Ved Støverstein er det justering for å få med eit kulturminne i planområdet (Tr. hjemske postveg).
i Stranda kommune:
- Områder til midlertidig anleggsbelte, LNFR, masselagring og mogleg myrrestaurering.
Spørsmål knytt til varselet kan rettast til planleggingsleiar Per Gunnar Løset, tlf. 94 36 59 62 eller på e-post per.gunnar.loset@mrfylke.no
Brev 05.02.26 Varsel om utvida plangrense Stranda og Volda (PDF, 205 kB)
Kart over utvida plangrense Strande og Volda (PDF, 2 MB)
Merknader
Vi ber om at eventuelle merknader til varselet blir sendt til:
Møre og Romsdal fylkeskommune, Postboks 2500, 6404 Molde,
eller post@mrfylke.no, innan 5. mars 2026
Vi gjer merksam på at det ikkje blir sendt eige direkte svar til den som sender inn merknad til varselet. Alle merknader blir vurdert og kommentert i planforslaget som blir lagt ut til offentleg ettersyn.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune