Kunstig intelligens i skulen

Kunstig intelligens i skulen

I ei stadig meir digitalisert verd er det viktig at skulen utnytta og tilpassa seg teknologiske framsteg for å betre moglegheitene i læringsarbeidet både for elevar og lærarar.

Generativ kunstig intelligens i form av ein stor språkmodell er eit verktøy som kan hjelpe både lærarar og elevar på ulike måtar.

Kva er KI i Voldaskulen?

KI i Voldaskulen er ei løysing for å gi lærarar og elevar i Voldaskulen tilgang til å bruke skapande kunstig intelligens på ein trygg måte. Løysinga byggjer på eit API til språkmodellen GPT5-mini frå OpenAI. Sjølv om den ligg bak FEIDE-pålogging, lagrar ho ikkje persondata. FEIDE-pålogginga vert berre brukt til tilgangskontroll.

Det å skape ei trygg løysing for bruk av KI som verken krev pengar eller persondata, opnar for at alle knytt til Voldaskulen skal få dei same føresetnadene til å lære om og med KI.

KI på skulen Robot som hjelper elev med datamaskin på klasserommet - Klikk for stort bilete BE |ChatGPT

Kvifor gjer vi dette?

  • Ei ressurs for både elev og lærar
    Ein språkmodell kan vere ein digital assistent i arbeidet på skulen, har gode allmennkunnskapar og er tilgjengeleg 24/7.

 

  • Ein utjamnande verktøy
    Det er ikkje alle elevar som har tilgang til like mykje hjelp til skulearbeidet heime som andre elevar. På skulen skjer det også at elevar blir sitjande for seg sjølv og vente på hjelp. Dette kan ein språkmodell hjelpe til med.

 

  • Betre tilpassa opplæring
    Ein språkmodell svarar så godt han kan på spørsmål og oppdrag han får frå brukaren, og ut frå kva brukaren seier at han sjølv treng. Dette gir moglegheiter for elevane til å få svar tilpassa akkurat det dei lurar på og med utgangspunkt i kva dei forstår.

 

  • Tilpassing til samfunnet rundt oss
    Elevar og lærarar får moglegheit til å bli kjent med og utnytte den nyaste teknologien på ein trygg og kontrollert måte. Elevar (og lærarar) får hjelp til å uttrykke meiningar og til å fremje desse i aktuelle situasjonar og ulike former.

 

  • Ein trygg måte å bruke kunstig intelligens på
    Dei fleste KI-tenestene på nettet er bak både pålogging og betaling. Lærarar og elevar har behov for tilgang til ein KI der dei slepp å betale for tilgangen, verken med pengar eller opplysningar. Volda kommune har sett opp dette gjennom denne løysinga.
     

Retningslinjer og bruk

Det er skulen som er ansvarleg for å sikre at retningslinjene blir ivaretekne

 

Utrulling

IKT-kontaktane ved skulane har fått i oppdrag å ta tak i dette lokalt. Lokal kompetanseheving og bevisstgjering er svært viktig før løysinga vert tatt i bruk med elevane. Skulane set av tid til dette i lærarane si utviklingstid.

 

Utfordringar

All ny teknologi gir mange nye moglegheiter, men òg utfordringar som det er viktig å vere medviten om. Nokre av dei største utfordringane her er desse:

  • Vurdering av innlevert arbeid.
    Vurderingskriteria og vurderingspraksis er utfordra. Korleis veit læraren at ei innlevering er skapt av eleven sjølv, eleven i samhandling med KI, eller utelukkande er KI-generert? Kva definerast som "juks"?

 

  • Vår oppfatning av kva lesing og skriving er.
    Skulen opererer i ein kultur der lese- og skriveferdigheiter i stor grad er kopla opp mot læring og personleg utvikling. Det vere seg handskrift, tastaturskrift eller andre tenkeskriveaktivitetar. Bruk av KI utfordrar delar av dette.

 

  • Elevar bruker språkmodellar som oppslagsverk.
    KI-modellen som Volda har gjort tilgjengeleg, er ikkje trena på tekst som er nyare enn hausten 2023. Så sjølv om språkmodellen framstår som om den har mykje "kunnskap", er ho likevel ikkje eit oppslagsverk. Ho kan heller ikkje "meine" noko, og vil ikkje skrive noko om kontroversielle tema.

 

Meir informasjon