Kurs for næringslivet i Volda - Eit demensvennleg samfunn

Kurs for næringslivet i Volda - Eit demensvennleg samfunn

Arbeidsgruppa består av (f.v.) : Roar Vikene frå Volda Næringsforum, Karianne Sveen Orvik - koordinator velferdsteknologi - Heimeteneste Volda kommune, Sigrid Saanum – seksjonsleiar - Institusjonsteneste Volda kommune, Kirsti Flø frå Nasjonalforeningen for folkehelsen, Hornindal demensforeining.

Volda Næringsforum, Nasjonalforeningen for folkehelsen og Volda kommune vil torsdag 11. mai tilby kurs for næringslivet i Volda. Kurset er ein del av den nasjonale kampanjen «Demensvennlig samfunn».

Har du sett på NRK og tenkt at du skulle hatt meir kunnskap om demens? Jobbar du i tillegg i et serviceyrke i Volda og møter personar som kan vere råka av denne sjukdommen? Det er ikkje alltid så lett å vite korleis ein skal møte desse kundane på ein god måte.
Volda Næringsforum, Nasjonalforeningen for folkehelsen og Volda kommune vil torsdag 11. mai tilby kurs for næringslivet i Volda. Kurset er ein del av den nasjonale kampanjen «Demensvennlig samfunn».
Kampanjen går ut på å spreie kunnskap om kva demens er, og korleis ein gir god service til personar med demens. Målgruppa er t.d. tilsette i butikkar, bankar, apotek, transporttenester, frisørsalongar m.m.

Eit demensvennleg samfunn handlar om å møte personar med demens på ein god måte. Når fleire i samfunnet kan litt meir om demens, vert det lettare å leve med sjukdommen, og det blir eit vennlegare samfunn for alle.
Arbeidsgruppa håpar at kurset kan bidra til at det vert enklare for personar med demens å utføre vanlege kvardagsaktivitetar i Voldasamfunnet. Ved stor interesse kan det bli aktuelt med fleire kurskveldar, og å lage ein kurskveld for interesserte utanfor næringslivet også.

Dato / Tid : torsdag 11. mai, kl. 18.30 – 20.00
Stad :           Volda turisthotell

 
Det blir enkel servering under kurset, og grunna kapasitet og servering ønsker vi påmelding til post@voldaforum.no eller telefon 95 30 03 97.


Vel møtt!