Liisa Mänd
Dette var eit tretimars kurs med Hege Holmquist Synnes som kurshaldar. Ho arbeider som utøvande forteljaraktør ved kulturfag på Høgskulen i Volda og har lang erfaring som lærar i teater og drama. Ho er oppteken av korleis ord og kroppsspråk kan kommunisere med publikum.
Kommunedirektør Rune Sjurgard deltok på kurset saman med kommuneplanleggjar Regine Solberg Aklestad. Han seier at kurset var lærerikt. Både vi som leiarar og de som tilsette står dagleg i situasjonar der vi skal formidle bodskap til andre tilsette, brukarar eller innbyggjarar. Den kommunale verksemda er komplisert, og det er ikkje enkelt for verken politikarar, tilsette eller innbyggjarane å sjå korleis ting heng saman, eller konsekvensane av ulike alternative prioriteringar og løysingar.
Kommunen er inne i ei større omstilling som krev god kommunikasjon både internt og ut mot innbyggjarane. Kommunen har avgrensa ressursar til kommunikasjon, og det er krevjande å nå ut med nok informasjon.
Sjølv om ting er vedteke, går det raskt i gløymeboka. Og det er stadig behov for informasjon for oppdatere både administrasjonen, politikarane og innbyggjarane på den situasjonen vi står i og kva som faktisk er vedteke av ulike tiltak. Seinast denne veka var det eit tema omkring stenging av symjeanlegget ved Folkestad skule som det i budsjettet vart gjort vedtak om som eitt av salderingstiltaka for å balansere årets budsjett.