Kurset finn stad i Festsalen i første etasje på Volda Samfunnshus og varer om lag i to timar.
Dato: 18. juni
Klokka: 18.00-20.00
Stad: Festsalen i første etasje på Volda Samfunnshus
Tilskuddsportalen er eit digitalt verktøy som gjer det lettare å finne og søkje på tilskot frå både offentlege og private aktørar. Portalen inneheld informasjon om fleire hundre støtteordningar, og er spesielt nyttig for lag og organisasjonar som ønskjer å starte nye prosjekt, vidareutvikle aktivitetar eller skape meir for lokalmiljøet.
Alle registrerte lag og organisasjonar i kommunen får gratis tilgang til tenesta. På kurset vil dagleg leiar i Tilskuddsportalen gje ei praktisk innføring i korleis ein bruker portalen, korleis ein søkjer opp relevante tilskot, og korleis ein lagar ein søknadsprofil. Det vert også tid til spørsmål og dialog undervegs.
Kurset er ope for alle som driv frivillig arbeid – små og store lag, foreiningar, organisasjonar, nettverk og eldsjeler er alle velkomne. Det krevst ingen forkunnskap for å delta. Det er anbefalt å ta med seg eigen PC/nettbrett, slik ein kan logge på og prøve ut løysinga medan ein er på kurs.
Det vert servert kaffi, te og vatn under kurset. Påmelding er ikkje påkravd, men vi oppmodar om at dei som vil delta melder seg via skjemaet under, slik at vi kan rigge godt med bord og stolar og berekne servering:
Meld deg på kurset her
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med:
Vi ønskjer vel møtt til eit inspirerande og nyttig kurs!