Kva er Aasenkvartalet?

Kva er Aasenkvartalet?

Illustrasjonsskisse av Aasenkvartalet - Klikk for stort bilete Aasenkvartalet

Feil fakta publisert i det siste gjer det nødvendig å korrigere.

Kva er Aasenkvartalet?

  • To bygg på til saman 14000 m2 som er planlagt på Høgskuleområdet. Bygga er planlagt bygt samtidig. Skal romme kontor til Høgskulen, bedrifter, Norsk Innovasjonssenter, Newtonrom, banklokale, konferansehotell med 116 rom og konferanse og kulturscene. I lågbygget er tenkt som helsehus med forslag til lokalisering av fylkestannklinikken, legesenter og andre helseaktørar.

 

Kven skal byggje Aasenkvartalet?

  • Det er det norskregistrerte selskapet Sisa Invest AS, eigd av familien Dæhlie.

 

Skal Volda kommune leige kultur- og konferansescena av Bjørn Dæhlie?

  • Nei. Volda kommune skal kjøpe ut dette lokalet til kostpris frå Sisa Invest AS. Eige og drifte den sjølv. Lokalet er kalkulert til ca 46 millionar kroner med utstyr. Volda kommune har fått gåver av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, Sparebank 1 SMN og Sparebanken Møre på til saman 21 millionar kroner. Scena er eit nav i kombibygget, og planen er at drifta vert sjølvfinansierande med utleige til hotell, høgskulen og andre leigetakarar i bygget.

 

Er Aasenkvartalet stormannsgalskap – kan ein berre skrote dette prosjektet?

  • Prosjektet kom i stand for å styrke voldasamfunnet og heile regionen for framtida. I tida framover vil det verte ein kamp for Høgskulen i Volda for å overleve. Det skal konkurrerast om færre studentar, og frå regjeringshald kan det verte initiert endring i høgskulestrukturen. Framtidsretta lokale for å møte høgskulen sine behov og konferansehotell vegg i vegg er nødvendig for å styrke høgskulen. Alle andre høgskular og universitet i landet har også innovasjonssenter (kunnskapspark). Det er berre Høgskulen i Volda som ikkje har dette. Dette er avgjerande å få på plass for å ha fleire bein å stå på, og for å kunne kommersialisere kompetansen.
    Høgskulen har i dag ca 300 arbeidsplassar. Vert Aasenkvartalet skrota er det stor risiko for at Høgskulen i Volda får ei negativ utvikling.

 

  • Volda sjukehus med sine ca 600 arbeidsplassar står overfor ein stadig trussel som følgje av pressa sjukehusøkonomi og skiftande politiske strømningar om endring i struktur. Leiinga i helseforetaket har uttrykt at dei ser store verdiar av å få eit fullskala hotell i gangavstand frå sjukehuset. Dette vil styrke grunnlaget for framtidig drift av sjukehuset ettersom sjukehusinnlegging i større grad vert overteke av poliklinisk behandling over fleire dagar, der pasientane må overnatte på hotell.
  • Aasenkvartalet vil i seg sjølv generere nye arbeidsplassar. I tillegg vil det samla tilbodet i dette kombinasjonsbygget auke attraktiviteten til Volda og heile søre Sunnmøre. Dette vil ha medverkande effekt for rekruttering av kompetanse til høgskulen, sjukehuset og offentleg arbeidsliv generelt og næringslivet i Volda og på søre Sunnmøre.
  • Prosjektet er komplisert på grunn av mange aktørar som skal koordinerast. Det er også krevjande å kommunisere dette prosjektet fordi det handlar om å sjå utviklinga i eit 30-års perspektiv.   

 

Kva vil bygginga av Aasenkvartalet koste?

  • Heile prosjektet har ei kalkyle på 600 millionar kroner. Det krev ein større aktør som har og er villig til å stille kapital til disposisjon for å reise eit så stort byggjeprosjekt i Volda.

 

Kva er Volda kommune si rolle?

  • Volda kommune skal ikkje byggje Aasenkvartalet.
  • Volda kommune skal leige:
  • Lokale til Newtonrom – eit teknologisk velutstyrt undervisningsrom for praktisk undervisning i naturfag, matematikk og teknologi i grunnskulen.
  • Lokale til Norsk Innovasjonssenter som skal betale leige attende til Volda kommune.
  • Ei etasje i Helsebygget. Sisa Invest har foreslått at Volda legesenter vert flytta dit, men dette skal kommunen ha ein eigen prosess på å avklare.
  • Volda kommune skal kjøpe ut kultur/konferansescene med sjølvfinansierande drift.
  • Volda kommune skal opparbeide uteområde og parkeringsplassane på området.

 

Kva vil kommunen sitt engasjement i Aasenkvartalet koste?

  • I gjeldande økonomiplan er det lagt inn kapitalutgifter for  kommunal eigenandel på 20 millionar kroner til kultur- og konferansescene. Resten er planlagt finansiert gjennom eksterne midlar. Det er vidare lagt inn eit overslag på 1,7  millionar kroner i leige av lokale til Newtonrom og Norsk Innovasjonssenter. Innovasjonssenteret skal refundere kommunen for husleiga. Vidare er det lagt inn husleige og drift av lokale i bygg nr 2 (Helsehuset) med eit overslag på kr 4,9 millionar kroner.  
  • Kostnadene med opparbeiding av uteområde, ev innløysing av grunn og opparbeiding av parkeringsplassar (infrastruktur) skal utreknast og er planlagt innarbeidd i komande økonomiplan. Det vert parallelt med dette arbeidd med parkeringsselskap som kan finansiere og drifte parkeringsplassane.

 

Kvar står reguleringsplanprosessen?

  • Forslag til reguleringsplan vert lagt fram for formannskapet etter ferien. Planforslaget vert då sendt ut på høyring og lagt ut på offentleg ettersyn. I høyringsperioden vil det verte ope møte for å orientere om reguleringsplanen og heile prosjektet Aasenkvartalet.