Kven meinar du fortener årets miljøpris?

Kven meinar du fortener årets miljøpris?

Volda kommune skal dele ut årets miljøpris i desember og treng innspel frå deg til gode kandidatar. Har du nokon du vil nominere?

Det kan vere personar som til dømes bidreg med:

  • auka kunnskap om klima og naturmiljø
  • arbeid med å redusere klimagassutslepp
  • å bevare naturmiljøet
  • auke biologisk mangfald

 

Vinnaren får blomster, diplom og ei pengegåve på 10.000 kroner.

 

Frist for å sende inn forslag er 1.november.

 Send innspel til postmottak@volda.kommune.no