Kven meiner du fortener årets miljøpris?

Kven meiner du fortener årets miljøpris?

Volda kommune skal dele ut årets miljøpris i haust og treng innspel frå deg til gode kandidatar. Har du nokon du vil nominere?

Det kan vere bedrifter eller personar som til dømes bidreg med:

  • å redusere klimagassutslepp
  • stort miljøfokus i sin aktivitet
  • auka kunnskap om klima og naturmiljø
  • å bevare eller styrke biologisk mangfald
  • å ta i bruk meir miljøvenlege løysingar

 

I år oppmodar vi om å føreslå næringsaktørar.

Vinnaren får blomster, diplom og ei pengegåve på 10.000 kroner.

 

Frist for å sende inn innspel tysdag er 2. september.

Send innspel til postmottak@volda.kommune.no