Kvifor har eg fått eFaktura utan å ha bestilt dette?Økonomiavdelinga får stadig spørsmål i samband med at fleire opplever å ha fått eFaktura utan å ha bestilt det. Økonomiavdelinga fortel at eFaktura er ei løysing som er styrt av Nets som leverer tenester til bankane. I slutten av 2018 innførte dei ei teneste som let kundane velje å automatisk opprette eFaktura-avtale med alle dei betalar rekningar til. Dette har medført at ein del kundar har fått eFaktura-avtale utan å eigentleg ønske dette. For å avslutte ein eFaktura-avtale må du logge inn i nettbanken din og fjerne avtalen. Dersom du ikkje ønsker å få eFaktura-avtalar automatisk oppretta i framtida, må du også fjerne valet om automatisk oppretting. Banken din kan hjelpe deg med dette. Du kan også lese meir om dette på https://www.efaktura.no/privat, på spørsmåla som gjeld "eFaktura Ja takk til alle" Dersom du brukar VIPPS, får du truleg alle rekningane dine som eFaktura frå dei ulike leverandørane. For å slå av dette må du gjere følgande: 1. Logg inn i vipps 2. Klikk Profil 3. Klikk Betalingsval 4. Klikk eFaktura i nettbank og appar 5. Vel vekk Alltid Vipps eFaktura I tillegg må du avslutte eFaktura-avtalen i nettbanken din. Publisert 06.03.2020 10:01 Sist endra 29.11.2023 22:49