Kyst og marknadsdag i Volda

Kyst og marknadsdag i Volda

Bilete av blomster på torget i Volda sentrum. Stort kvitt telt er sett påå på plassen. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Laurdag 10. juni vert Kystens dag feira i Volda. Voldingar og tilreisande i alle aldrar kan få oppleve kystkulturen sine godsaker.

Laurdag 10. juni vert Kystens dag feira i Volda. Voldingar og tilreisande i alle aldrar kan få oppleve kystkulturen sine godsaker. Det vert klinkbåtar, festspelfrukost, Voldamarknad og storbandparade. Trivsel i sentrum, Bjørkedal kystlag, Høgskulen i Volda, Aasentunet og Volda kommune har gått saman om ei rekke arrangement i Volda sentrum laurdag 10. juni. 

Møringsbåten «Skjerven»

Hovudidéen til arrangementet var å kople saman båtprosjektet «Skjerven»  med  Voldamarknaden for å skape aktivitet i Volda sentrum. Båtprosjektet «Skjerven» er eit samarbeid mellom Volda kommune, Bjørkedal kystlag og Høgskulen i Volda der møringsbåten Skjerven spelar hovudrolla. Denne båttypen vart lansert av Sivert Halkjelsvik (Skjerva-Sivert) i 1869, og vert rekna for å vere sjølve Voldabåten. Før dette dreiv dei fiske langt til havs med åttringar rigga med råsegl. Skjerva-Sivert var opptatt av tryggleiken for fiskarane, og utvikla møringen i samarbeid med mellom anna Sjur Jakobson Bjørkedal. Møringane var rigga med storsegl, fokk, klyver og mesan – og fekk etter kvart dekk. «Skjerven» vart bygd av Ottar Kåre Bjørkedal, Ola Følsvik og Jakob S. Bjørkedal for etterkommarar etter Skjerva-Sivert i 2008. Den er no eigd av Bjørkedal kystlag, innkjøpt med støtte frå Sparebanken Møre og Høgskulen i Volda. Intensjonane med Skjerven er å skape interesse for trebåtbyggarkunsten og å gjere folk medvitne om stolte historiske tradisjonar knytt til kystkultur. Det vil mellom anna bli avduka ei ny infotavle ved gjestebrygga med informasjon om Skjerven og båtbyggartradisjonen i Bjørkedalen. 

Kystens dag 

Laurdag 10. juni er også ein del av den nasjonale markeringa av Kystens dag som har som mål for dagen å setje eit positivt fokus på kysten, kystkultur og kystnæringa, fiskeri- og havbruk, sjøtransport, hamner og farleier, sjømat, forsking og forvaltning. Bjørkedal kystlag har invitert fleire trebåtar til Volda denne dagen og ynskjer å få med så mange som mogleg på å skape aktivitet i og rundt hamna i Volda sentrum. Blant anna vil Utrøna Seglarlag og Penguin Paddle vil vise fram sine aktivitetar i hamna og BUA Volda vil informere om sitt utstyr for sjø- og vassaktivitetar. 

Voldamarknad og Festspel

Trivsel i sentrum har tidlegare arrangert Voldamarknad på Sivert Aarflot-plassen, der alle vert inviterte til å bli med både som utstillarar og som publikum. I år, som i fjor, vert marknaden ein møtestad for kjøp og sal av lokale varer: handverk, husflid, lokalprodusert mat, gjenbruk og mykje meir. Det har tidlegare vore mellom 2000 – 3000 besøkande på Voldamarknad. Aasentunet har dei årlege Festspela same veka og det blir «Festsprell» for born med mellom anna minikonsert med felles song og dans med artisten Line Dybedal. Ho vil framføre den nyslupne songen  «Kom som du er», produsert av Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret. Volda folkebibliotek bidreg med pop-up bibliotek og aktivitetar for dei minste og Westre bakeri sponsar «Festsprell» med kveitebollar.

Storbandtreff

Det kjem storband frå heile fylket til Volda denne dagen, og dei vil bidra med storbandparade og konsert. Eit festivaltelt vil bli innleigd for anledninga slik at det vert eit større areal å tilby marknandsutstillarar på dagtid og storbanda på kveldstid. Volda Næringsforum og Sparebanken Møre er delaktig i arrangementet som økonomiske støttespelarar.

Sikkerheit og beredskap

Volda Røde Kors er involvert i arrangementet og vil sørge for god sikkerheit og beredskap. Komiteen er også i dialog med politiet om korleis ein kan samarbeid om å sørge for god tryggleik i sentrum denne dagen med omsyn til aktivitet i hamna og mange mjuke trafikantar som vil krysse E39.

Kystkultur for alle

Prosjektleiar i kulturavdelinga i Volda kommune, Line Malvik, er koordinator for årets arrangement og ser fram til å legge til rette for at voldingar i alle aldrar skal få oppleve kystkultur.

 – Kyst- og marknadsdagen har eit omfangsrikt program med noko for alle, vi inkluderer både tradisjonsrike og nyare aktivitetar og samarbeider med aktørar som representerer både sentrum og bygd. Her kan ein få sjå gamle trebåtar og nyare stand-up-paddle brett, ein vil få høyre tradisjonell storbandmusikk og ei musikalsk urpremiere på ein ny barnesong. 

– Med god dialog og samskaping i lag med eit breitt spekter av lokale aktørar ligg alt til rette for ein kjekk kyst- og marknadsdag i Volda sentrum. Det ser også ut til at solstrålane og fjordbårene vil spele på lag, seier Line Malvik.
 

Program 

VOLDAMARKNAD

Stad: Sivert Aarflot-plass

  • 11.00 Opning med "FESTSPRELL", "Kom som du er" vennskapssong og dans. Bollar og ordløype til barn, ein del av Festspela.
  • Mat og kulturelle innslag
  • 14.00 Catwalk med sommarmote, frå Cubus til gjestebrygga 
  • Buder med sal av lokale varer, handverk, krimskrams og stands for lokale verksemder

Arr: Trivsel i sentrum


12.00 Storbandparade

Rute: Rokken – Halkjelsgata – Sivert Aarflot-plass – Kyrkjegata – Gymnasvegen – Uppheimsplassen

11-14 Uppheimeparken – Rådhusparken

Prøv utstyr frå BUA – Ansiktsmåling – Pop-up bibliotek – Aktivitetar med Volda skulekorps

14.30 Storbandkonsert

Musikkpaviljongen i Uppheimsparken

KYSTENS DAG 

Stad: Gjestebrygga og hamna

  • Frå 10.00, Segl med "Skjerven", ro den gamle kyrkjebåten og besøk sunnmørsjekta Anna Olava
  • Frå 11.00, Prøv SUP med Penguin Paddle
  • 13.00, Fanfare og avdluking av infotavle
  • Minikonsert med Eirik Fooladi og Andreas Bath
  • 13.30, Fiskekonkurranse! Påmelding ved Flyndra

Arr. Bjørkedal kystlag

 

15.00 Hopp i havet

Flaskepostkonkurranse i hamna. Vinn gåvekort frå butikkane i Volda

15.30 Big Odd Band

Ungdomskonsert på Rokken. Fri inngang.

19.00 Storbandkonsert, Sivert Aarflot-plass

Inngang:

Vaksen 300,- / Honnør/student 200, under 18: Fri inngang.

 

Plakat - Program for kyst- og marknadsdagen 10. juni 2023 (PDF, 321 kB)

 

Plakat der programmet til kyst- og marknadsdagen står. Samme tekst som står over i artikkelen. - Klikk for stort bilete Plakat