Ladeparken er på plass og opna i Volda !

Ladeparken er på plass og opna i Volda !

Bilete frå ladeparken på Rotset - Klikk for stort bilete Jarl Martin Møller På det nye handelsområdet på Rotset har kommunen på det næraste ferdigstilt parkeringsplassen der det er etablert hurtigladere for el-biler. Det er lagt til rette for 12 ladestasjonar for Tesla og 10 stasjonar for Eviny i ladeparken. T

esla sine ladere er klar til bruk no og er open ifølge Tesla sine nettsider for alle bilar som er CSS kompatible.

Volda kommune har med dette prosjektet lagt til rette for at tilbydarar av hurtigladestasjonar kan etablere seg sentralt tilknytt nytt næringsareal på Øvre Rotset.

Aurstad Tunnel AS har vore utførande entreprenør for Volda kommune. Dei har stått for opparbeiding av tomten med trauing, muring og etablering av parkeringsplass. Dei har også bistått Tesla og Eviny med etablering av kabelgrøfter, montering av trafoer og ladestolper m/lys.

 

Det er lagt opp til 12 ladestasjonar for Tesla og 10 stasjonar for Eviny. Tesla vil være klar med åtte av stolpane allereie neste veke, de fire neste vil komme opp så snart Tesla ser behovet for det. Eviny blir ikkje klar med sitt utstyr før til hausten.

Tesla har lagt opp til to plasser for bil med hengar.

Ladeparken på Øvre Rotset vil føre til økt aktivitet i det nyetablerte næringsområdet og Volda sentrum. Reisande elbilistar kan stoppe og ta seg ein matbit på Burger King som opnar i haust eller handle på Europris/Rema 1000 medan bilen ladar. Alt innanfor gangavstand.