Lågare vass- og avløpsgebyr ut året

Lågare vass- og avløpsgebyr ut året

Volda kommune reduserer vass- og avløpsgebyra dei tre siste månadene av året. Ein vanleg husstand vil spare om lag 1 000 kroner før nyttår som følgje av at kommunen nyttar midlar frå sjølvkostfondet.

Bilete av Dinglavatnet  - Klikk for stort bileteDinglavatnet i Volda kommune. Volda kommune

Bakgrunnen for reduksjonen er at kommunen må bruke opp delar av sjølvkostfondet innan dei fristane som gjeld for slike fondsmidlar.

Sjølvkostfondet er bygd opp av gebyrinntekter som er betalt inn av abonnentane, men som ikkje har vore nødvendige å bruke i det året dei vart kravde inn. Etter regelverket for sjølvkost skal slike overskot nyttast innan fem år. Dette er forankra i det såkalla generasjonsprinsippet, som skal sikre at inntekter og kostnader blir fordelte rettferdig mellom dei som brukar tenesta over tid.

For å sikre at fondsmidlane blir nytta innan fristen, har kommunen vedteke å redusere gebyra for vatn og avløp i perioden oktober til desember.

– Sjølvkostfondet er bygd opp gjennom gebyr frå abonnentane. Når regelverket krev at midlane skal nyttast innan fem år, er det naturleg at dei kjem innbyggjarane til gode gjennom lågare gebyr. For ein vanleg familie vil reduksjonen utgjere om lag 1 000 kroner fram til jul, seier Lars Fjærvold, avdelingsleiar for vatn og avløp i Volda kommune.

Kommunen understrekar at reduksjonen ikkje påverkar kvaliteten på tenestene. Tiltaket er eit resultat av god økonomistyring og eit krav om at sjølvkostmidlar skal førast tilbake til abonnentane innan fastsette fristar.