Ledig stilling – fagkoordinator

Ledig stilling – fagkoordinator

Vil du vere med og utvikle lågterskeltilboda innan rus og psykisk helse? Det er ledig stilling som fagkoordinator ved lågterskeltilboda i rus- og psykisk helsteneste.

Jobbsituasjon helse og omsorg - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle

Rus- og psykisk helseteneste i Volda kommune har ledig ei spennande og nyskapande stilling som fagkoordinator ved lågterskeltilbodet vårt. 

Som fagkoordinator skal du bidra til kvalitet, struktur og kontinuitet i den daglege drifta. Stillinga inneber ansvar for å koordinere det daglege arbeidet og medverke til at tenestene har eit fagleg innhald i tråd med mål, planar og føringar for rus- og psykisk helseteneste. Dette er ei variert og meiningsfull stilling med høve til å påverke utviklinga av tilbodet.

I den gamle Prestegarden i Volda sentrum finn du Styrk Arbeid og Møteplassen Gnisten, som er samlokaliserte under lågterskeltilbodet. Tilboda er retta mot personar som har, eller har hatt, utfordringar knytte til rus og psykisk helse.
Her møtest deltakarane i ein trygg og inkluderande atmosfære der aktivitet, fellesskap og arbeidstrening står sentralt. Ved Gnisten tilbyr vi mellom anna turar, yoga, symjing, matlaging og kreative aktivitetar som keramikk, glaskunst, måling, handarbeid og småsløyd. Gjennom Styrk Arbeid får deltakarane høve til å utføre ulike arbeidsoppdrag for kommunen og private aktørar.

Vi legg til rette for trivsel, tryggleik, meistring og personleg vekst, og er opptekne av å skape meiningsfulle kvardagar og styrkje deltaking i arbeids- og samfunnsliv.
Lågterskeltilbodet er ein del av rus- og psykisk helseteneste i Volda kommune og har 5,5 årsverk. Tenesta omfattar totalt om lag 30 årsverk fordelt på fire fagområde, og tilbyr individuell oppfølging, ambulante tenester, døgntenester til heimebuande og lågterskeltilbod.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere og leggje til rette for den daglege drifta ved dagsenteret og arbeidstiltaket
  • Bidra til samanheng og samarbeid mellom dagsenteret, arbeidstiltaket og resten av rus- og psykisk helseteneste
  • Ansvar for HMT-arbeid og risikostyring i seksjonen
  • Sørge for at arbeidet på tenesteområdet blir gjennomført i samsvar med avdelinga sine mål og den overordna målsettinga til helse- og omsorgsavdelinga
  • Sørge for at tenesteområdet har gode prosedyrar og rutinar for oppfølging av brukarane, og sikre at desse blir fylgde. Det inneberer også kontinuerleg kvalitetsutvikling
  • Legge til rette for å bidra til eit positivt og motiverande arbeidsmiljø
  • Ta del i arbeidsoppgåver utført i seksjonen, både på møteplassen Gnisten og i Styrk-arbeid

Kvalifikasjonar

  • Bachelor innan helse- og sosialfag
  • Relevant vidareutdanning og/eller erfaring frå rus og psykisk helsearbeid er ynskjeleg
  • Erfaring med endringsarbeid og tverrfagleg samarbeid blir vektlagt
  • Gode ferdigheiter i dokumentasjon og bruk av digitale verkty
  • Det er naudsynt med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort kl. B, helst BE, då det er ein del av drifta på Styrk arbeid
     

Personlege eigenskapar

  • Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjersler
  • Du er ansvarsbevisst, strukturert, løysingsorientert, fleksibel- og likar utfordringar
  • Du likar å jobbe med menneske og relasjonar
  • Du er roleg, trygg, tydeleg og stabil, samtidig som du set grenser og står i konflikt og vanskelege situasjonar
  • Du har interesse for utvikling og innovasjon av seksjonen sine fagområder
  • Personlege eigenskapar vil verte avgjerande for kven som vert tilsett

 

Les meir om stillinga og søk her