Andre med relevant helsefagleg utdanning kan også søke. Stillinga er plassert i tenesteområdet helse og omsorg, med seksjonsleiar for legesentera i Volda som næraste leiar. Arbeidsstaden er ved Volda legeteneste, avdeling Hornindal.
Vi søkjer etter deg som er arbeidsvilleg, strukturert, sjølvstendig og kan handtere ein hektisk kvardag med varierte oppgåver. Som helsesekretær hos oss blir du ein viktig del av primærhelsetenesta til lokalbefolkninga i Hornindal.
Legekontoret i Hornindal er i hovudsak fastlegesenter (fire legar og to hjelpepersonell) og daglegevakt, men er samlokalisert i helsehuset med helsestasjon, tannlege, fysioterapeut og kiropraktor. Som hjelpepersonell er ein tilsett i kommunen, og jobbar på dagtid.
Søknadsfristen er 13.02.26
Arbeidsoppgåver
- Pasientekspedisjon og pasientadministrasjon
- Sentralbordfunksjon
- Laboratoriearbeid
- Skiftestovearbeid
- Anna forefallande arbeid
- Bidra med å bygge og vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø
Les meir om stillinga og søk