Ledig stilling - Kommunalsjef for sektor samfunnsutvikling

Ledig stilling - Kommunalsjef for sektor samfunnsutvikling

Vi har lyst ut ei av dei mest spennande stillingane på Søre Sunnmøre!

Vi søker etter kommunalsjef for sektor samfunnutvikling og er på jakt etter ein strukturert, engasjert og innovativ leiar som står stødig i endringsprosessar.

Stillinga inngår i kommunedirektøren sitt strategiske leiarteam, og vil få ansvar for oppbygging og drift av sektor for samfunnsutvikling i kommunen.

Søknadsfristen er 3. april 2024

Volda kommune er i vekst og utvikling. Vi har vore gjennom kommunesamanlåing og har bygt opp ein god organisasjon og eit attraktivt kompetansemiljø. Vi er opne for å prøve ut nye ting i løsyinga av samfunnsutfordringane. Vår kommunalsjef for samfunnsutvikling skal no over i stilling som kommunedirektør i ei nabokommune, og vi søkjer etter ny kommunalsjef. I løpet av 2024 opnar eit rehabilitert samfunnshus/ungdomshus, vi opnar nytt symjeanlegg og kommunen er sentral i offentleg/privat partnerskap for realisering av Norsk Innovasjonssenter på høgskuleområdet.  For å lukkast med satsingane våre treng vi leiarar som er ei drivkraft i endringsprosessar, og som kan vidareføre beste praksis og drive utvikling. Digitalisering, kompetanseutvikling og sysselsetting er sentrale satsingsområde i Volda, og vår nye leiar får ei viktig oppgåve med å realisere desse satsingane. Vi søkjer derfor ein engasjert leiar som har høg motivasjon og stor kapasitet.
 

Arbeidsoppgåver

Vi ønskjer å halde fram den gode utviklinga av kommunen som samfunn og organisasjon. Sektoren har eit særskilt ansvar for at Volda kommune er i stand til å møte samfunnsmessige endringar og utfordringar, herunder befolkningsutvikling, bustadbygging og offentleg infrastruktur. Volda skal vere ein næringsvennleg kommune med fokus på den aktive rolla som tilretteleggjar for næringsetableringar og oppfølging av eksisterande næringsliv. Volda kommune har også ambisjonar for gode oppvekstmiljø og bukvalitetar med nye anlegg som idrettshallar, symjeanlegg, ungdomsarena, kino og sosiale møteplassar.

Kommunalsjefen skal leie og vidareutvikle eit tverrfagleg kompetansemiljø, der evna til å spele på ulike fagkompetansar for heilskaplege løysningar vert lagt vekt på. Sektoren vil levere tenester til einingar internt i kommunen, og tenester til innbyggjarar og eksterne verksemder. Evne og vilje til samarbeid og samskaping er såleis ein føresetnad for å lukkast i rolla.  

Kommunalsjefen er ein del av kommunedirektøren sitt strategiske leiarteam og stedfortredarfunksjon for kommunedirektør ligg til stillinga. Leiarteamet har fokus på heilskapleg og samordna utvikling av kommunen som demokratisk arena, samfunnsutviklar, tenesteleverandør og forvaltningsorgan. Kommunalsjefen har ansvar for områda tilrettelegging for næringsutvikling, kultur og idrett, plan og forvaltning, bygg og eigedom, brannvern og kommunalteknikk. I kommunalsjefen sitt eige leiarteam sitt seks dyktige avdelingsleiarar, med ansvar for om lag 120 medarbeidarar. 

Vi søker deg som er lyttande, målretta og utviklingsorientert, og som har gode føresetnader til å lykkast som leiar. Evna til å utøve sunn økonomistyring med fokus på moglegheiter, kombinert med driftserfaring og gjennomføringskraft, vil vere ei styrke i stillinga. 


Har du spørsmål?

Kontakt:
Kommunedirektør Rune Sjurgard, mobil 90 05 37 52 / e-post rune.sjurgard@volda.kommune.no  eller
Personalsjef Berit Lyngstad, mobil 97 66 18 15 / e-post  berit.lyngstad@volda.kommune.no

Les full stillingsomtale og send inn søknad på Webcruiter:

Kontakt

Rune Sjurgard
kommunedirektør
E-post
Mobil 90 05 37 52
Berit Lyngstad
personalsjef
E-post
Mobil 97 66 18 15