Ledig stilling - Miljørettleiar ved Volda ungdomsskule

Ledig stilling - Miljørettleiar ved Volda ungdomsskule

Det er frå 1. januar 2026 - 31. juli 2026 ledig eit vikariat i 80% stilling som miljørettleiar ved Volda ungdomsskule. Søknadsfrist 08.12.25.

Tilsett i oppvekst saman med elevar - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle

Arbeidsoppgåver

I samarbeid med lærarane og skuleleiinga støtte elevane i deira læringsarbeid. Det vil og vere målretta miljøarbeid knytt mot enkeltelevar/elevgrupper. I tråd med stillingsomtalen som gjeld miljørettleiarane i Voldaskulen er det slik vi ønsker å beskrive arbeidsoppgåvene til miljørettleiarane:

  • i samarbeid med rektor/kontaktlærar/lærar ha medansvar for eleven/elevgruppa sitt tilbod. I dette ligg det så langt som råd tid til planlegging av tiltak og aktivitetar for eleven/elevgruppa i tråd med læreplan og individuelle planar
  • utføre aktivitetar saman med elev(ar) etter nærare oppsett plan og behov
  • delta i omsorgsarbeid kring eleven
  • delta i rettleiing og samhandling med dei som har det samla ansvaret for eleven/gruppa si opplæring
  • planlegge eige arbeid i samråd med kontaktlærar/spesialpedagog med utgangspunkt i individuell opplæringsplan
  • bidra til godt samspel mellom elevar og vaksne
  • det kan verte lagt arbeid knytt til SFO inn i stillinga til miljørettleiaren

 

I vår kommune har vi særskild fokus retta mot elevar som har eit fråvær som uroar. I slike saker vil miljørettleiaren i samarbeid med lærarar og skuleleiing spele ei aktiv og viktig rolle.

Les meir og søk på stillinga her (webcruiter.no)