Volda kommune
I samarbeid med First Scandinavia og Sparebanken Møre, etablerer Volda kommune eit Newton-rom. Målet er å starte opp undervisning frå skulestart hausten 2025.
Volda kommune har ledig 100 % stilling som Newton-lærar frå 01.08.2025. I utgangspunktet ynskjer Volda kommune å dele stillingsressursen mellom to tilsette, der det vil vere mogeleg kombinere med ei delstilling på ein annan skule i kommunen. Det kan også vere ei løysing å kombinere med ei delstilling hjå annan arbeidsgjevar.
Arbeidsoppgåver
Ein Newton-lærar sine arbeidsoppgåver er varierte. Du får mellom anna:
- Tilrettelegge og leie undervisninga i Newton-rommet
- Evaluere undervisninga og vidareutvikle tilbodet
- Delta på kurs og nettverkssamlingar
- Marknadsføre Newton-rommet og oppdatere heimesidene
- Vedlikehalde og fornye materiell og utstyr
- Samarbeide med barnehage- og skuleleiarar, lærarar og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
Den/dei som vert tilsette må ha:
- Høg fagleg og didaktisk kompetanse innan realfag
- God formidlingsevne, både skriftleg og munnleg
- God kjennskap til bruk av data og teknologi
- Administrative evner
- Har pedagogisk formalkompetanse
Søknadsfristen er: 20.03.2025