Marius Beck Dahle
Sjukeheimane dekkjer heile spekteret av helsetenester i institusjon, med langtidsopphald, skjerma avdelingar for personar med demens, lindrande omsorg, rehabilitering og ulike typar korttidsplassar.
Kommunen kan vere fleksibel når det gjeld stillingsstorleik.
Hos oss får du ei stilling der du kan vere med og utvikle innhaldet i tenestene.
Stillinga er knytt til Volda omsorgssenter, som har 57 langtidsplassar og 20 korttidsplassar.
Vikariatet varer frå oktober 2026 til oktober 2027. Det kan vere mogleg å avtale eit anna oppstartstidspunkt.
Arbeidsoppgåver
- Yte legetenester i sjukeheim i tråd med overordna planar, mål og verdigrunnlag
- Medisinsk rådgjevar for sjukeheim
- Direkte pasientrelatert arbeid
- Samarbeid med andre sjukeheimslegar inklusiv individuell rettleiing for legar under spesialisering, samt vere ein fagleg ressurs for anna helsepersonell, pasientar og pårørande
- Bidra inn i planlegging og utvikling av tenestene i samarbeid med leiinga i institusjon, kommuneoverlegen og dei andre delane av legetenesten i kommunen og med spesialisthelsetenesten
- Samhandling med eksterne aktørar som kommuneoverlege, legevakt, fastlegar og spesialisthelseteneste
- Sjukeheimslegen har ei sentral rolle, med støtte frå fastlege i kommunal bistilling og LIS1 som deltek i legearbeidet ved sjukeheimen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist innan allmennmedisin eller anna relevant spesialisering er ønskjeleg
- Legar med anna relevant kompetanse vil også bli vurdert
- Erfaring frå sjukehus eller kommunehelseteneste og interesse for sjukeheimsmedisin
- Søkjarar må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode IKT-kunnskapar (Gerica journalsystem)
- Gode norskkunnskapar skriftlig og muntleg
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner i møte med pasientar, pårørande og tilsette
- Fagleg sterk og god til å dele kunnskapen med andre
- Fleksibel, målretta og løysingsorientert
- Evner å motivere andre og skape engasjement
- Tillitvekkende, påliteleg og ærleg
- Opptatt av pasientsikkerheit
Personlige eigenskapar vektleggast i stor grad.
Vi tilbyr
- Eit godt fagleg miljø
- Moglegheit for godkjenning som "annen allmennmedisinsk teneste" i ALIS forløp. Kommunen stiller med veileder
- Ein arbeidsplass som satsar på fag, kompetanse og kvalitetsutvikling
- Ei stilling der du har handlingsrom til å vere med og påverke utvikling og innhald i tenestene
- Velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Løn etter avtale
Du kan lese meir om stillinga og søke her (webcruiter)