Ledig stilling som kulturleiar
Volda kommune søkjer ein strukturert og engasjert kulturleiar til eit eittårig vikariat. Søknadsfristen er 03.08.25.
Vi ser etter ein som får ting gjort, har god gjennomføringsevne og trivst med å sikre at avtalar og oppgåver blir gjennomførte på ein trygg og effektiv måte.
Kulturleiar er avdelingsleiar for kulturavdelinga, som er organisert i sektor for samfunnsutvikling, og inngår i leiargruppa til kommunalsjef for samfunnsutvikling.
Søk på stillinga
Avdelinga er organisert i tre seksjonar:
- Kulturarena og ungdom, kino og ungdomsklubb
- Bibliotek, to filialer
- Idrett og anlegg, Voldabadet
- Frivilligsentralar
Arbeidsoppgåver
- Leiing og vidareutvikling av kulturavdelinga
- Personalansvar
- Budsjettansvar og økonomioppfølging
- Koordinering av tenester og aktivitet innan kultur
- Sakshandsaming og oppfølging av politiske mål og planar
- Samarbeid med lag, organisasjonar og eksterne aktørar
- Søknadsarbeid og tilskotsforvaltning
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning (t.d. kulturfag, administrasjon, leiing)
- Ønskjeleg med leiarerfaring (budsjett- og personalansvar)
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Erfaring fra kulturfeltet er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du trivst med administrative oppgåver, og er strukturert i di tilnærming
- Du har gode samarbeidsevner og evner å sjå dei du er leiar for
- Du har evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Du er trygg og tydeleg i leiarrolla
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt og variert leiaransvar i eit viktig samfunns-, og satsingsområde
- Dyktige kollegaer – ledergruppa sektor ... og samarbeidspartnarar i og utanfor kommunen
- Høg grad av tillit og moglegheit til å påverke
- Løn etter avtale
Søknadsfristen er 03.08.25
Søk å stillinga
Publisert 14.07.2025 15:36
Sist endra 14.07.2025 15:36