Ledig stilling som støttekontakt

Ledig stilling som støttekontakt

Volda kommune søkjer engasjerte og omsorgsfulle personar til oppdragsbasert arbeid som støttekontakt.

Smilande dame som speler kort - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle

Støttekontakttenesta er for personar som treng bistand til å delta på ulike fritidsaktivitetar grunna fysiske, psykiske eller sosiale begrensningar. Våre tenestemottakarar er born, personar med nedsett funksjonsevne eller eldre.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande, på bakgrunn av kva oppdrag som er tilgjengeleg frå mars 2025 og framover. Vi prøvar å kople oppdragstakar og tenestemottakar ut frå felles interesser, alder og tenestemottakar sitt behov.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til deltaking i sosialt liv og fritidsaktivitet, til gode opplevingar og meistring.
  • Lage tydlege møteavtalar og samarbeide med pårørande dersom behov. 
  • Være ein positiv støttande samtalepartnar.
  • Registrere timeliste kvar månad.

Kvalifikasjonar

  • Politiattest må leverast før oppstart som støttekontakt.
  • Vi søkjer fortrinnsvis personar som er over 18år.
  • Du må kunne binde deg for minst eit år.
  • Beherske IT-verktøy godt nok til å kunne registrere timelister og krevje utgiftsdekning digitalt. Opplæring blir gitt. 

Meir informasjon om stillinga finn du her: Webcruiter

Søknadsfrist er 31.12.2025