Ledig stilling - ungdomsarbeidar

Ledig stilling - ungdomsarbeidar

Kulturavdelinga i Volda kommune søker ny ungdomsarbeidar som skal vere med å vidareutvikle Ung i Volda –fritidsklubbtilbodet i kommunen. 

Ungdomar som sit på ein benk, det viser berre føtene. - Klikk for stort bilete Illustrasjon

På klubben er medverknad, meistring og relasjonsbygging sentrale verkemiddel. Nye lokale i Volda sentrum vil stå klare hausten 2024, der ny ungdomskafé og fasilitetar for datakultur, dans, teater, film og musikk legg til rette for nye satsingar i regi av Ung i Volda.  

Vår nye medarbeidar må vere god på å bygge relasjonar, kunne etablerer strukturerte samarbeid og skaper gode aktivitetar og arrangement for barn og ungdom.

Volda kommune ynskjer å gi alle ungdommar i kommunen eit godt kulturtilbod. 

Søk på stillinga (webcruiter)

Søknadsfristen er 20.03.24

Arbeidsoppgåver

  • Bemanne ungdomstilbod på Samfunnshuset og Grobygget i Hornindal med alt det inneber av aktivitetar, samtalar, matlaging, rydding m.m
  • Oppsøkande arbeid i barne- og ungdomsmiljøet (til dømes skulebesøk, samarbeid med eksterne om førebyggande arbeid)
  • Opplæring av klubbvertar
  • Samarbeid med seksjonsleiar om større ungdomsprosjekt og tilskotssøknadar i regi av kulturavdelinga (UKM, Ung Orakel, internasjonale prosjekt osb.)
  • Ansvarleg for arrangement for ungdom i samarbeid med eksterne og interne aktørar 
  • Bidra til etablering av infrastruktur for medverknad for barn og ungdom
  • Nytte sosiale media og andre kanalar til å informere om og promotere Ung i Volda
  • Arbeide strukturert og målretta med å utvikle eit relevant fritidsklubbtilbod for barn og unge i heile kommunen

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå ungdomsarbeid
  • Utdanning innan barn- ungdomsarbeid eller annan relevant utdanning (relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning)
  • Det er ein fordel om du har erfaring med rigging av teknisk utstyr, lys, lyd, gaming, eller har interesse for å lære det
  • Du beherskar norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Søkaren må vere over 18 år og godkjent politiattest er nødvendig 

Personlege eigenskapar

Du er:

  • ein trygg vaksenperson som bygger tillit til barn og ungdom
  • du har gode observasjonsevner og gode kommunikasjonsevner ovanfor barn og ungdom
  • strukturert, sjølvstendig og tek lett kontakt med aktuelle samarbeidspartnarar
  • du er fleksibel, løysningsorientert og kan stå i krevjande situasjonar
  • du er bevisst din posisjon som ei blanding av «kompis» og vaksen autoritet og veit kva utfordringar dette kan gi
  • du har interesser og kompetanse innan for eksempel gaming, bandaktivitet, hiphop medieproduksjon, som kan vere relevant og nyttig på ein fritidsklubb

Relevante personlege eigenskapar og kvalifikasjonar vert vektlagt 

Vi tilbyr

  • Stor fridom og varierte arbeidsdagar
  • Variert, kreativt og meiningsfylt arbeid
  • Bidra til gode oppvekstvilkår i Volda
  • Spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
  • Varierte arbeidsdagar i ei aktiv kulturavdeling
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving og personleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Samarbeid med dyktige og hyggelege kollegaer
  • Løn etter avtale