Ledig stilling - Vikarar til miljøteamet ved Volda ungdomsskule

Ledig stilling - Vikarar til miljøteamet ved Volda ungdomsskule

Volda ungdomsskule søkjer engasjerte og pålitelege vikarar til vårt miljøteam.

Som vikar vil du vere med på å skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull kvardag  for elevar som treng ekstra støtte i kvardagen.

Arbeidsoppgåvene varierer, og du vil jobbe tett saman med fast tilsette miljørettleiarar og fagarbeidarar.

Du som vil vere vikar må ha god relasjonskompetanse, i tillegg til å vere løysingsorientert, tolmodig og fleksibel.

Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.

Sosialfagleg utdanning, som vernepleier, sosionom eller barnevernpedagog, er ein fordel.

 Er du interessert? Ta kontakt med assisterande rektorar Johanne Nørvåg eller Monica Ertresvåg.

Johanne Nørvåg: johanne.norvag@voldaskulen.no, tlf 94 04 67 74

Monica Ertresvåg: monica.ertresvag@voldaskulen.no, tlf 99 02 12 79