Ledige stillingar - Fagarbeidarar og assistentar i barnehage

Ledige stillingar - Fagarbeidarar og assistentar i barnehage

Volda kommune kan frå barnehageåret 2026/2027 ha ledige stillingar i barnehagane som fagarbeidarar og assistentar. 

Jobbsituasjon i sektor oppvekst - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle

Det kan verte ledig både faste stillingar og vikarstillingar. Behovet vil vere avhengig av permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar.

Dei kommunale barnehagane er som følgjer:

  • Austefjord barnehage
  • Bratteberg barnehage
  • Engeset barnehage
  • Folkestad barnehage
  • Hornindal barnehage
  • Lauvstad barnehage
  • Mork barnehage
  • Oppigarden barnehage


Sektor oppvekst sin visjon er:

Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.

Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barn ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.

Barnehagane i Volda er ein del av laget rundt barnet og familien. Saman med helsestasjon, barnevern, skule, kulturskule og vaksenopplæring  er barnehagedrifta ein del av sektor oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren sin visjon.

Du må kunne identifisere deg med og slutte deg til Volda kommune sine verdiar:
RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE


Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn, unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.

 

Les meir og søk på stillinga på webcruiter.no