FAKTABOKS:
Digital kvardag – meistring for alle
«Digital kvardag – meistring for alle» er eit samarbeidsprosjekt mellom Volda og Ørsta kommune. Prosjektet er finansiert med midlar frå DigDir, i kombinasjon med eigeninnsats frå kommunane.
Målet med prosjektet er å styrkje den digitale kompetansen blant innbyggjarane i Volda og Ørsta. Etter prosjektperioden skal vi etablere eit varig, interkommunalt lågterskeltilbod for rettleiing, som skal hjelpe innbyggjarane med grunnleggande digitale ferdigheiter og redusere digitalt utanforskap i alle aldersgrupper. Dette er avgjerande for å møte krava frå eit stadig meir digitalisert samfunn – både i privatlivet og i offentlege tenester og forvaltning.
Prosjektet starta opp i august 2025 og skal vere ferdig til sommaren 2026. I denne perioden skal vi halde ei rekkje kurs, seminar og verkstader, samt gjennomføre tiltak som legg til rette for større digital deltaking.
Vi skal både gjennomføre aktivitetar med eigne ressursar og leige inn relevante partar for å levere eit heilskapleg tilbod som møter behova til både innbyggjarar og tilsette i ulike demografiske grupper.
Prosjektleveransar:
1. Kompetanseheving for elevar, føresette og tilsette i oppvekstsektoren, i samarbeid med Barnevakten.no. Her vert det arrangert fysiske samlingar med fokus på barn og unge sine digitale vanar og god digital hygiene, i ulike format.
2. Sprek på nett: Vidareføring av tilbodet for kompetanseheving retta mot seniorar i begge kommunane.
3. KI-dagar: Volda og Ørsta kommunar skal arrangere ein KI-dag med spanande demonstrasjon som viser korleis datamodellar vert trena. Dette vert illustrert ved hjelp av robotar, slik at ein fysisk kan sjå utviklinga frå null måloppnåing til ferdig trent modell.
4. Kompetanseheving for pårørande: Korleis ein ved hjelp av tilgjengeleg teknologi kan betre ivareta behova til den ein er pårørande til.
5. «Innsats for andre» – valfaget på ungdomsskulane: Skal tilby ein sosial møteplass der generasjonar kan møtast. Dette blir ein god arena for å drøfte moglegheiter og utfordringar knytte til digitalt utanforskap. 6. Foredrag og rekruttering til lokal foreining av Seniornett: Introduksjon til foreininga nasjonalt og eit spanande tema som kan engasjere nye deltakarar.