Lekkasjetest vil gje grønt vatn i elvane

Lekkasjetest vil gje grønt vatn i elvane

Dronebilete av Volda sentrum - Klikk for stort bilete Erlend Sporstøl Vikestrand

Fredag 07. oktober skal avdeling vatn og avløp i Volda kommune gjennomføre ein lekkasjetest i avskjeringskanalen (Panoramavegen).

I samband med dette vil alt vatn frå Sjukehuselva bli leia gjennom kanalen og til Heltneelva. Det blir tilsett grønt fargestoff for å spore eventuelle lekkasjar.

Dette vil igjen føre til at alt vatn i kanalen som renn ut i Heltneelva blir grønt. Dette er ikkje farleg og er ikkje miljøskadeleg.