Løypemelding om budsjettprosessen i Volda kommune

Løypemelding om budsjettprosessen i Volda kommune

I går orienterte administrasjonen om arbeidet med budsjettet og den økonomiske situasjonen til kommunen. Dette med utgangspunkt i dei tala ein kjenner i dag og før framlegging av statsbudsjettet. Kommunen har ei drift som er om lag 40 millionar høgare enn inntektene. Det blir brukt av sparepengane (disposisjonsfondet) for å dekkje avviket. Neste år er dette fondet tomt. 

Den økonomiske diagnosen er knytt til fire forhold:

Den økonomiske diagnosen er knytt til fire forhold

 

Volda kommune har 2 milliardar i gjeld og er svært sensitiv for renteauke. Det har vore mange store investeringar dei siste 15 åra. Alle har vore til gode formål som gir innbyggjarane gode tenester. Samtidig har desse investeringane hovudsakleg ført til auke drifta og ikkje til reduserte driftsutgifter. 

Asplan Viak har utarbeidd ei kostnadsanalyse som viser at Volda kommune har god kvalitet, men svært høge utgifter i tenesteytinga. Nivået ligg på om lag 100 millionar høgare enn gjennomsnittet i kommunegruppa som Volda tilhøyrer. På barnehagedrift ligg vi 22 millionar over gjennomsnittskommunen. I helse og omsorg ligg vi 56 millionar over gjennomsnittet og 12 millionar på skuledrifta. Dette høge nivået er hovudsakleg knytt til struktur (mange lokasjonar), kvalitet og at mange tenester ligg på for høgt nivå i tenestetrappa. Oppvekst og helse og omsorg utgjer om lag 80 prosent av drifta. Det må leggjast ein langsiktig og heilskapleg plan for å løyse kommunen sine utfordringar. Gjennomføringa vil ta tid, og det er ikkje realistisk å opere med ein berekraftig økonomi innanfor ei økonomiplanperiode på fire år. Rådet frå administrasjonen er at kommunen jobbar langsiktig og systematisk for å styrke forebygging for at innbyggjarane kan utsetje behov for tyngre tenestenivå. Det bør satsast ytterlegare på heimetenestene, samtidig som ein må leggje til rette for rette bustadtyper nær tenestebasar og tenestenivå i bustader og institusjon som treffer best med behovet. Både i barnehagedrifta og i helse og omsorg trengst det investeringar i funksjonelle bygg der ein kan drifte til lågare kostnad. 

Sjukefråværet er ein stor kostnad og må ned. Dette må ha sterkt fokus hos alle partar i tida framover. Det er også stor merksemd rundt dette nasjonalt. Regjeringa peikar på at eitt prosentpoeng reduksjon ville medføre ein kostnadsreduksjon på 15 milliardar på landet.

Kommunedirektøren var tydeleg i sitt bodskap til kommunestyret at Volda kommune vil kome i ROBEK-registeret. Dersom vi skal budsjettere realistisk, vil det skje allereie rett etter nyttår i 2027. Kommunedirektøren synleggjorde to hovudstrategiar:

Proaktiv kommune og Reaktiv kommune

 

Desse to hovudretningane er symbolisert i søylediagram utan talverdiar berre for å vise korleis dei slår ulikt ut i eit langsiktig perspektiv. 

Reaktiv strategi inneber at ein utset å ta dei større grepa og opparbeider seg større underskot. Dersom ein legg eit årleg budsjettavvik på om lag 40 millionar til grunn, vil det ikkje gå lang tid før ein har akkumulerte underskot på 100 millionar kroner. 

 

Proaktiv strategi inneber at ein tek tak i utfordringane tidleg, gjer strukturelle grep med omstilling og investering for å få ned drifta. Investeringar vil medføre enda høgare renter og avdrag som vil vere ei ekstra utfordring i ei overgangsperiode. Derfor må investeringane vere lønsame og kunne gi netto effekt etter nokre år. 

illustrasjon: Proaktiv strategi - Klikk for stort bilete

 

Statsforvaltaren har sendt brev med oppmoding til kommunestyra til å stå i krevjande avgjerder og ta ansvar for langsiktig berekraft framfor kortsiktige omsyn. Kommunedirektøren var tydeleg i orienteringa til kommunestyret på at situasjonen er krevjande og rår til at kommunen ikkje utset å ta tak i utfordringane. Samtidig viste han stor forståing for kor vanskeleg det er å vere politikar og må gjere dei vanskelege prioriteringane. Flytting av ressursar og reduksjon i tenester er konfliktfullt og vekkjer mykje motstand. Han løfta fram kor viktig samarbeidet mellom administrasjonen og kommunestyret er for å lykkast. 

 

Budsjettprosessen

Det er viktig med ein open budsjettprosess. Administrasjonen vel derfor å dele lenka til dokumentet som det vert arbeidd med. Talgrunnlaget er dynamisk ettersom ulike faktorar kan endre seg i statsbudsjettet, renteutvikling og utgifter knytt til lovfesta tenester. 

Dokumentet er så langt berre eit diskusjonsgrunnlag i den politiske prosessen. Tiltaka som er nemnt i dokumentet er så lagt å sjå på som døme på moglegheiter for å frigjere ressursar til formål med auka behov og balansering av økonomien. 

De kan lese arbeidsdokumentet her: https://pub.framsikt.net/2027/volda/bm-2027-vk_202609#/

Administrasjonen legg fram forslag til budsjett og økonomiplan for kommunestyret i Hornindal den 29. oktober.