“Måling og meistring - Digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre”

Volda kommune har fått stønad frå Helsedirektoratet til å starte opp eit prosjekt om Digital heimeoppfølging av kronisk sjuke pasientar. Prosjektleiinga er lagt til Søre Sunnmøre legevakt, med Linda Nedrelid Vatne som prosjektleiar.
På bilde er frå venstre: Erlend Bae, seksjonsleiar legevakt. Karianne Sveen Orvik, koordinator velferdsteknologi. Mona Ryste, rådgjevar Volda sjukehus. Lisbeth Hoggen Totland, helsesjukepleiar legevakt og ass.prosjektleiar, Linda Nedrelid Vatne, sjukepleiar legevakt.

Helsedirektoratet har gitt stønad til prosjektet “Måling og meistring - Digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre”.
Volda kommune samarbeider med Sjustjerna-kommunane, fastlegar og Helse Møre og Romsdal - Volda sjukehus om dette prosjektet. Søre Sunnmøre legevakt er sentral aktør i prosjektet, og det er her prosjektet vil bli leia. Helsedirektoratet har eit mål om å få på plass eit digitalt heimeoppfølgingsprosjekt i kvart Helsefellesskap i landet, og frå Møre og Romsdal er det prosjektet på Søre Sunnmøre som er valt ut.

 

Prosjektet er forankra i Sjustjerna-samarbeidet mellom kommunane på Søre Sunnmøre og i Helsefellesskapet. Helsefellesskapet er samhandlingsarenaen mellom kommunane og helseføretaket.

 

Digital heimeoppfølging handlar om at pasientar med kroniske sjukdomar får digitalt måleutstyr i heimen, der målingane blir sendt til ein sentral med helsepersonell som følger opp i forhold til pasienten sin individuelle behandlingsplan. Digital heimeoppfølging har som mål å gje pasientar større grad av opplevd tryggleik og meistring i kvardagen. Det er vidare eit mål å oppdage endring i helsetilstand på eit tidleg tidspunkt, og å medverke til å redusere både trongen for innlegging i sjukehus og kontroll på poliklinikk og hos fastlege.

 

Prosjektet har sitt utspring i Søre Sunnmøre legevakt, med god støtte frå andre aktørar i kommunane og helseføretaket. Søre Sunnmøre legevakt er eit etablert interkommunalt samarbeid med god IKT-infrastruktur og personell som har høg kompetanse på vurdering av pasientar gjennom telefon og video frå tidlegare. Det var difor naturleg for Sjustjerna Helse og omsorg og helseføretaket å legge prosjektet til legevakta, slik at ein kan nytte dette kompetansemiljøet til å bygge opp eit framtidsretta helsetilbod for kronisk sjuke på Søre Sunnmøre.

 

Det vil i første omgang vere kommunane Volda, Ørsta og Ulstein som er med i prosjektet saman med Volda sjukehus, Søre Sunnmøre legevakt og fastlegar frå dei tre kommunane.

Dersom prosjektet går som vi håper, så er målet å utvide det til alle Sjustjerna-kommunane.

 

Det var stor interesse for å søke på tilskotsmidlane som Helsedirektoratet lyste ut, og sterk konkurranse for å få løyving. Volda kommune var ein av 15 kommunar i landet som vart vald ut, og fekk 1,1 mill. kr i støtte for 2022.

 

“Måling og meistring - Digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre” vil bli eit spanande prosjekt å jobbe med framover, og vi håper det vil føre med seg positive effektar for pasientar, sjukehuset, fastlegane og kommunehelsetenesta.

 

Ei gruppe frå prosjektet har vore på oppstartsamling i Helsedirektoratet for å få erfaringar og råd for vidare utvikling av prosjektet.

 

Oppstart av spredning av digital hjemmeoppfølging - Helsedirektoratet