Markering av frigjerings- og veterandagen

Markering av frigjerings- og veterandagen

8. mai vert det markering av 80-årsjubileet for freden i Ulsteinvik – for kommunane på Søre Sunnmøre.  I Volda  blir det nedlegging av blomsterkrans ved Bauten utanfor Volda kyrkje.

Bysta av Ragnar Ulstein, bilde av Ulstein kyrkje i bakgrunnen. Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust

 

Torsdag 8. mai markerer vi at det er 80 år sidan frigjeringa, og det er også den nasjonale veterandagen. 

I Volda inviterer Veterankorpset til ein minikonsert kl 15.45 i samband med nedlegging av blomsterkrans ved Bauten utanfor Volda kyrkje.

Ulstein Mannskor held på tradisjonane, og vil også i år stå for minnemarkeringa utanfor Ulstein rådhus, ved bysta av krigsveteran Ragnar Ulstein. Arrangementet er i samarbeid med dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. 

Tid: 8. mai klokka 15.45
Stad: Utanfor Volda kyrkje

Program: 

Veterankorpset spelar og det blir nedlegging av krans ved Bautaen.  Volda Veterankorps har 30 års jubileum denne dagen.

Tid: 8. mai klokka 17.00–18.00
Stad: Ulstein rådhus

Program: 

  • velkomst og song ved Ulstein Mannskor
  • appell ved russepresident ved Ulstein vidaregåande skule
  • appell ved ordførar i Ulstein
  • tale ved områdesjef for Heimevernet

Norges Veteranforbund for Internasjonale Oppdrag deltek som æresvakt. 

Visste du forresten at kommunane på Søre Sunnmøre har felles veteranplan?

Sjå handlingsplanen (PDF, 948 kB)