Markering av siste vaksinedag i Volda hallen

Markering av siste vaksinedag i Volda hallen

Det er både kjekt og bittelitt vemodig at dette er siste dag med vaksinering i Voldahallen, sa ordførar Sølvi Dimmen under markeringa i Voldahallen.

Vemodig – fordi det har vore så bra, og no er det over. For dei frivillige har dette vore ein viktig møteplass i ei tid med få fellesarenaer. Det har kanskje vore ein ekstra motivasjonsfaktor. Innsatsen dykkar har nok ein gong markert at frivilligheita og fellesskapen står sterkt. Saman er vi sterke. Utan frivilligheita hadde ikkje dette vore mulig å gjennomføre, sa ordføraren.

Kjekt –fordi at nettopp det at denne store mobiliseringa for vaksinering av alle innbyggarane no er over, markerer at det går mot slutten av pandemien og to år med unntakstilstand. Dette har vore ei stor mobilisering, med ei god organisering frå dei ansvarlege og ein kjempeinnsats frå frivillige. De har alle stått på og gjort ein ekstraordinær innsats som samfunnet har vore heilt avhengige av.

Styrk arbeid har rigga lokalet og vore parkeringsvakter. Pensjonistar og studentar har stilt opp frivillig, og Sanitetslaga i Volda har gjort ein stor innsats som har bidratt til ei straumlinjeforma gjennomføring og ei god oppleving for folk i Volda. Dette har vi mottatt svært mykje ros for frå innbyggarane, og eg håper den også har blitt uttrykt til dokke som har stått i det. I alle fall vil eg på vegne av Volda kommune få seie tusen takk!

Eg er svært stolt over korleis Volda kommune, som organisasjon, saman med frivillige, har stått i pandemien og gjennomført vaksineringa på ein måte som utelukkande blir positivt omtalt og som vi alle kan vere stolte av.

Utan dei frivillige – utan sanitetslaga- hadde vi ikkje klart det, sa orførar Sølvi Dimmen i takketalen til dei som har vore med i arbeidet.

Kommunalsjef oppvekst, Per Ivar Kongsvik, hadde kjekk oppgåve med å overrekke gåvesjekkar til sanitetslaga som har vore med på  vaksinearbeidet. Det er Austefjord, Mork, Vikebygda og Volda sanitetslag som har vore med som frivillige lag.

Vigdis Leite Høydal, Manuela Erlbeck Hilde Ørstavik Lundberg, Toril Høydal, Gitte Edvardsen og Per Ivar Kongsvik - Klikk for stort bileteVigdis Leite Høydal, Manuela Erlbeck Hilde Ørstavik Lundberg, Toril Høydal, Gitte Edvardsen og Per Ivar Kongsvik   

Viktige hjelparar frå Eigedom og Styrk - Klikk for stort bileteTrufaste og viktige hjelparar frå Eigedom og Styrk. Dei er no klar for å rigge ned lokala.