Melding om hogst i den utvalde naturtypen olivinskog

Melding om hogst i den utvalde naturtypen olivinskog

Volda kommune godkjenner hogsten i den utvalde naturtypen olivinskog på gnr. 92 bnr. 1, dette med heimel i § 54 i naturmangfaldlova. Grunngjevinga er at hogsten er eit lite tiltak som er positivt for naturtypen når den vert gjennomført etter vilkåret.

Olivinskog Finn Gregersen/Miljødirektoratet

 

Vilkår:

- Plukkhogsten skal gjennomførast som ei skånsam lukka hogst (dette gjeld ikkje hogst på vindfallsflatene kor ein må forsøke å rydde mest mogleg av dei skada trea). 

- Det skal takast omsyn til ev. sensitive artar, mis-figurarar og registrerte raudlista artar i området.  

Etter § 56. i naturmangfoldloven skal løyve til tiltak i ein utvalt naturtype kunngjerast i ein avis. 

Klagefristen er tre veker og ev. klagar stilast til Volda kommune. Miljødirektoratet er endeleg klageinstans.   

Svar på melding om hogst i naturtypen olivinskog - Vegard Helset - 1577 Volda - gnr. 92 bnr. 1.pdf (PDF, 2 MB)