Milepæl i Engestgeila og Urbakkfoten

Milepæl i Engestgeila og Urbakkfoten

Endeleg vert det asfalt i Engesetgeila og Urbakkfoten. 

Asfaltering Engesetgeila og Urbakkfoten - Klikk for stort bilete Kjetil Årøen

Då er vi endeleg i gang med første laget med asfalt i Engestgeila. Tida med grov grus og vaskebrett skal no vere forbi, ein aldri så liten milepæl.

Det er første laget, berelaget, i sjølve vegen som vert lagt no før ferien.  Asfaltering av fortausarealet skal skje saman med legging av slitelaget tidleg i haust.

Det har vore ein lang periode med støy og komplisert logistikk for dykk som bur langs vegen, og vi takkar for tolmodet de har synt.

Prosjektet tek feire i veke 28, 29 og 30 og det vert minimalt med aktivitet i Urbakkfoten i denne perioden.

Asfaltering Engesetgeila og Urbakkfoten - Klikk for stort bilete Kjetil Årøen



Vi forstår godt at anleggsarbeid i nærmiljøet kan vere krevjande og skape frustrasjon, spesielt når det påverkar kvardagen i bustadområdet.
Urbakkfoten er eit stort prosjekt, og vi er fullt klar over at slike anlegg kan medføre ulemper for dei som bur i og kring området. Kommunen prøver alltid å gjennomføre nødvendige tiltak innanfor dei økonomiske rammene i prosjekta for å redusere belastninga så mykje som mogleg for alle partar.
Kommunen vil sjølvsagt rydde opp etter seg, og vi tek gjerne ei synfaring med dei som bur i dei seks bustadane i den gamle delen av Engsetgeila etter sommaren.
Vi vil reasfaltere den gjenværande delen av Engsetgeila etter at prosjektet er ferdig. Det skal imidlertid etablerast ei ny parkeringsløysing i enden av prosjektområdet, og det må gravast over vegen for å betre overvasshandteringa. Difor vil asfaltarbeidet i denne delen av Engsetgeila vere noko av det siste som blir gjort.
Når det gjeld murar og garasjar i den "nye" delen av Engsetgeila, er dette tiltak kommunen er pålagt å gjennomføre som kompenserande tiltak etter domstolsavgjerd. Dette for å bøte på ulempene desse bustadane får ved å få ein tofelts gjennomfartsveg rett utanfor innkørsla. Korleis desse tiltaka påverkar verdien på eigedomane er ikkje noko kommunen kan eller vil spekulere i.
Vi set pris på engasjementet frå innbyggjarane og ønskjer ein open og god dialog gjennom heile prosjektet. Du er velkomen til å ta kontakt dersom du har spørsmål eller innspel.