Reisevaneundersøking: di meining er viktig!

Lenke til undersøkinga: https://app.maptionnaire.com/q/voldareisevanar  

Miljøpris 2025

Miljøpris 2025

Magdalena Brzozowska, Philipp Wintermann, Irena Pöhlmann og Sølvi Dimmen - Klikk for stort bileteMagdalena Brzozowska, Philipp Wintermann, Irena Pöhlmann og Sølvi Dimmen Ingrid Opedal

Både Volda kommune, Liten panda loppis og Multiservice AS fekk SV sin miljøpris i dag, for i dag, 5. juni, er verdas miljødag.

Volda kommune fekk prisen for å bruke Samfunnshuset om att.

Tusen takk seier ordførar Sølvi Dimmen, dette er faktisk vel fortent.

Eg må berre nytte anledninga til å seie at eg er utruleg stolt over det vi har fått til på Samfunnshuset. Både innvendig og utvendig. Frå å vere eit hus som tida hadde reist litt i frå, framstår det i dag som eit godt signalbygg i Volda, eit hus i takt med tida.

Volda samfunnshus er eit hus som mange har eit sterkt forhold til gjennom generasjonar.  Å klare å ivareta sjela, samtidig som det skal endrast til notida sitt behov, er ein krevande prosess. Det er fleire i Volda kommune som skal ha ros for dette arbeidet. Det er kulturkontoret som har halde i det som går på innhald, og prosjektleiar for byggeprosessen er Steinar Kilen.

Kommunestyret sette (2023) av 47,5 mill til fornying av samfunnshuset, som ei øvre investeringsramme. Finansieringa vart gjort ved hjelp av ubrukte lån, dvs. lån som kommunen har tatt opp utan å ha brukt. Og ein har heldt seg innanfor ramma. Faktisk løyver ein om lag 1 mill, og det er søkt om spelemidlar som kan gi ytterlegare 2 mill i kassa. I tillegg har ein tidlegare utbetra fasaden for 3,5 million og taket er også utbetra i ei tidlegare fase. Samfunnhuset er no eit bygg som er rigga for dei neste 50 åra.  

Det er nytta ein arkitekt, ein Volding som jobbar i eit Bergensfirma, som er spesielt opptatt av gjenbruk og fornying av eldre bygningar. Og eg synest vi har fått eit godt resultat.

Om vi skulle rive bygget og bygt nytt, ville det blitt dyrare pr. m2. Vi har altså spart pengar på gjenbruk og ombygging av huset. I tillegg er det lagt vekt på gjenbruk av infrastruktur i huset, som aggregat, ventilasjon, radiatorar, osv. Det er også tatt vare på inventar og møblar. Vi har fått både inventar og teknisk utstyr frå Høgskulen, ungdomsklubben har fått og kjøpt brukte møblar. Så her er gjenbruk gjennomgåande.

Som sagt er eg stolt over at vi har klart å skape nytt liv i samfunnshuset. Vi kunne rive det og bygge nytt, slik mange gjer. Men vi er sikre på at det ville kosta meir. Og vi hadde misst eit historisk bygg, med sjel, med minner.

Ordførar Sølvi Dimmen takkar for prisen Ingrid Opedal

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grunngjeving miljøprisen 2025 

Miljøprisen 2025 til Volda kommune, Liten panda loppis og Multiservice AS

På verdas miljødag, 5. juni, har Volda SV tradisjon for å dele ut ein miljøpris. Den går til nokon i lokalsamfunnet som gjer ein innsats for miljø og klima. I fjor gjekk prisen til grunneigarane i Vassbotnen for berekraftig restaurering av skog, året før var det Aksel Våge AS som fekk prisen for satsinga på solceller på bygget sitt, og året før der att Knut Magne Aarseth for innsatsen for livet i Øyraelva.

I år er det ikkje ein person som får hovedprisen, men ein organisasjon. I tillegg har vi valt å gje ein delt ekstrapris til nokre enkeltpersonar og ei bedrift.

Tema for alle prisane i år er gjenbruk.

Vi veit at vi her i landet forbrukar ressursar i eit tempo som på ingen måte er berekraftig. «World overshoot day», den dagen i året der vi har brukt opp vår kvote av verdas ressursar, kjem tidlegare og tidlegare. I år kom den allereie 16. april. Vi hadde tronge mellom 3 og 4 jordklodar om alle skulle forbruke like mykje som oss.

Difor går prisane i år til nokre som, på ulike måtar,  gjer sitt for å redusere forbruket vårt.

Hovedprisen går til Volda kommune, og prosjektet renovering av samfunnshuset med vekt på gjenbruk.

Eitt av FN’s berekraftmål, nr. 12, er «Ansvarleg forbruk og produksjon». Det handlar om å sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster for å redusere miljø-belastninga og sikre at naturressursane vert brukte effektivt. Kort sagt: å gjere meir med mindre ressursar.

Ei viktig årsak til det høge forbruket er at vi byter ut ting lenge før det er nødvendig. Vi heng etter i omstillinga til ein sirkulær økonomi, der ressursar og produkt blir reparert, gjenbrukt og resirkulert. Vi må over frå bruk og kast til ombruk, og nokon må bane veg og gå føre.

Tala varierer ein del, men her i landet stammar omlag 15 % av klimagassutsleppa frå byggenæringa; det same gjer ein fjerdedel av både råvareforbruket og avfallet i Noreg.

Skal vi nå måla i Parisavtalen, er det betre å rehabilitere bygg enn å bygge nytt. Fleire eksisterande bygg må få forlenga levetid gjennom framleis bruk og tilpassa ombruk. Det mest klimavenlege bygget er det som allereie er bygd!

Her meiner vi Volda kommune har vore framsynte når det gjeld prosessen rundt Samfunnshuset. Mange alternativ vore på banen, mellom anna riving og nybygg. I staden for å rive, har Volda kommune valt eit anna alternativ. Dei har valt å bruke om att Samfunnshuset i staden for å byggje nytt. Dette er heilt i tråd med internasjonale og nasjonale berekraftsmål, der gjenbruk av bygg er ein avgjerande strategi for å redusere klimafotavtrykket i bygg- og anleggssektoren. Også i innreiing av Ungdomsklubben sin kafe i første etasje, har ein nytta mykje gjenbruk av t.d. møblar.

Dette meiner vi er eit godt føredøme for andre. I tillegg til miljøgevinsten, har kommunen også spart pengar, og det er vel ikkje til å kimse av i ein stram kommuneøkonomi.

Det er difor ei stor glede å kunne gje SV’s miljøpris 2025 til Volda kommune!

Før vi deler ut dei andre prisane, vil ordførar Sølvi Dimmen takke for prisen.

 

Så, sidan vi i SV er utålmodige når det gjeld miljø, vil vi gjerne løfte fram fleire som gjer ein innsats. Vi har difor valt å dele ut to ekstraprisar, på delt 2. plass.

Liten panda loppis

Den første går til Philipp Wintermann og Irena Pöhlmann, som står bak Liten panda loppis, ein «pop up»-loppemarknad som i desse dagar vert arrangert for 3. gong i dei gamle lokala til Møre konfeksjon. Den fungerer slik at seljarane tingar ein stand, leverer og prisar det ein vil selje, og så tek Philipp og Irena seg av sjølve salet. Det ein ikkje får selt hentar ein attende etter at salet er over. -Dette er vårt bidrag til eit berekraftig samfunn, seier dei i eit intervju i lokalavisa. -Tanken er å gje kvalitetsting ein større verdi ved å selje det vidare.

Vi synest dette er eit veldig bra konsept. Det finst ein del liknande butikkar her i landet, der ein prøver å skape eit levebrød av gjenbruk. I eit samfunn der vi ikkje kan halde fram med same materielle forbruket som i dag, trengst det nye arbeidsplassar, td innanfor gjenbruk.

De lever nok ikkje av dette førebels, men kanskje kan det bli noko på sikt? I alle fall. Takk for innsatsen de gjer for å gje ting ny verdi.

Multiservice – ski-og sykkelservice

Magdalena Brzozowska driv bedrifta Multiservice-  ski-og sykkelservice på eit hjørne i Halkjelsgata. Der driv ho, med hjelp av mannen Kazimierz, med reparasjon av ski, snowboard, sykkel, sparkesykkel, skateboard, barnevognhjul og byte av demparar. Begge har lang erfaring frå reparasjon av ski og syklar.

«Umoglege ting gjer vi umiddelbart, mirakel må vente!» er slagordet deira.

Dette er noko som har mangla i Volda, og vi i SV er svært glade for at kommunen no har fått eit slikt tilbod. Det gjer at ting som tidlegare gjerne hamna i ein container på VØR fordi ein sjølv ikkje kunne reparere, og det var vanskeleg å finne nokon som kunne gjere det. Det er difor ei glede å gje den andre ekstraprisen til dei.