Min eigedom - sjå dine opplysningar

Min eigedom - sjå dine opplysningar

Lure du på kor mykje du har betalt inn i kommunale avgifter for 2023? Gjerne fordi du held på med skattemeldinga og leige ut husvære. 
Ved å logge deg inn på Min eigedom kan du finne ut av det.

Mange spør om kor mykje som er innbetalt for året før - dette kan de lett finne ut av ved å følgje denne lenka: Eigedomen min - Volda kommune 

Volda kommune lanserte tidlegare MinEigedom - eigedomsopplysningar tilgjengeleg heile døgnet.

Tenesta gir deg oversikt over eigendomen og kommunale tenester knytt til eigedommen/-ane du er heimelshavar på. Den gir mellom anna oversikt over adresser, matrikkeldata på bygg og eigedom, eigedomsgebyr og faktura, eigedomsskatt, kart, vassmålar, feiing, septik og renovasjon. Du kan også sende meldingar via tenesta. 
 
Innlogging via ID-porten
ID-porten er ei felles innloggingsløysing for offentlege tenester på nett. For å logge deg inn på tenester frå stat og kommune, også Volda kommune, må du ha elektronisk ID. Via ID-porten kan du nytte innlogging via fem alternativ for elektronisk ID (minID, BankID, BankID på mobil, Buypass, Commfides eller Buypass ID på mobil). Ein elektronisk ID er viktig for å bekrefte at du er den du gir deg ut for å vere.
 
Lenke til pålogging via ID-porten