Minne om folkemøte på Volda samfunnshus 15. juni klokka 18.00

Minne om folkemøte på Volda samfunnshus 15. juni klokka 18.00

Illustrasjon frå helse- og omsorgsplanen - Klikk for stort bilete Illustrasjon frå helse- og omsorgsplanen


Det vert opne folkemøte om kommunedelplan "Helse og omsorg 2022-2034" og "Strategiplan Leve heile Livet" 14. og 15. juni. Desse planane er ute til høyring med frist for innspel 5. september.

Tid og stad for møta:

  • Tysdag 14. juni klokka 18.00 – 20.00  Smia, Hornindal
  • Onsdag 15. juni klokka 18.00 -20.00 Volda Samfunnshus, 1 etasje 

Program:

  • Velkomen ved kommunalsjef Svein Berg Rusten.
  • Presentasjon av kommunedelplan Helse og omsorg 2022- 2034 og Strategiplan Leve heile Livet ved Ragnhild Aarflot Kalland.

 

Formannskapet i Volda kommune vedtok 07.06.2022 å leggje kommunedelplan helse- og omsorg 2022-2034  og Strategiplan Leve heile livet 2022-2034 ut til offentleg ettersyn.

Frist for å gje innspel er 5. september 2022. Fram til denne datoen vert planane liggande til offentleg ettersyn.  Volda kommune ønsker innspel til planane.

Om kommunedelplan "Helse og omsorg 2022-2034"

Kommunedelplan for helse- og omsorg gjev mykje kunnskap om tenestene og om ulike utfordringar. Planen syner retning for utvikling av tenestene. Prioritering av ulike satsingar og tiltak vert gjort i samband med årleg budsjett- og økonomiplan handsaming i kommunen.

Planen har følgjande hovudkapittel:

  1. Innleiing
  2. Rammer og føringar
  3. Hovudmål og delmål
  4. Helse og omsorgstenester
  5. Utviklingstrekk- tal og statistikk
  6. Status, utfordringar og satsingsområde
  7. Resultat frå arbeidsgruppene
  8. Fagplanar og temaplanar

Kommunedelplan helse og omsorg 2022-2034 (digital plan)

Kommunedelplan helse-og omsorg 2022-2034 (PDF-fil for utskrift) (PDF, 3 MB)

Saksdokumentet om planen (innsyn.volda.kommune.no)

Strategiplan "Leve heile livet"

I 2018 vart kvalitetsreforma for eldre “Leve heile livet” vedteke i Stortinget. Reforma har fokus på å skape eit aldersvenleg samfunn med nye og innovative løysingar for å bidra til at eldre kan meistre livet lenger og få hjelp og støtte ved behov. Reforma skal følgast opp og gjennomførast i kommunane, og “Leve heile livet” strategiplan 2022-2034 skal vera med å gje retning i arbeidet med vidareutviklinga av eit aldersvenleg samfunn i Volda kommune.

Strategiplan Leve heile livet (digital plan)

Strategiplan Leve heile livet (PDF-fil for utskrift) (PDF, 601 kB)

Saksdokument om strategiplanen Leve heile livet

Planane er også i PDF- format for utskrift og dei vert lagt ut i papirversjon ved servicekontoret Volda rådhus, Smia Hornindal og biblioteka.

Høyringsprosessen:

Innkomne høyringssvar vil følgje saka vidare fram til endeleg godkjenning av planen. Kvart einskilt høyringssvar vert kommentert og vurdert i saksutgreiinga knytt til den endelege handsaming av saka.

Skriftlege innspel skal sendast på e-post til postmottak@volda.kommune.no eller per brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.

Merk med høyringssvar med; Innspel til kommunedelplan helse- og omsorg 2022-2034 eller Strategiplan Leve heile livet.

Høyringsfrist er 5 september 2022.

Kontakt

Ragnhild Aarflot Kalland
seksjonsleiar forvaltningskontoret
E-post
Mobil 95 23 03 66