Mobbeombodet i Møre og Romsdal fylke på besøk i Volda

Mobbeombodet i Møre og Romsdal fylke på besøk i Volda

Bilete av Håvard Strand, fagkonsulent skule,  Kristin Øksenvåg, mobbeombod Møre og Romsdal fylke, og Bodil Brautaset,  leiar avdeling skule som smiler til kamera. - Klikk for stort bileteHåvard Strand, fagkonsulent skule, Kristin Øksenvåg, mobbeombod Møre og Romsdal fylke og Bodil Brautaset, leiar avdeling barnehage. Volda kommune

Sektor oppvekst inviterte til møte med mobbeombodet i Møre og Romsdal fylke onsdag 8. mars. For å få eit trygt og godt læringsmiljø må dei vaksne ha eit godt samarbeid. 

Først var det arbeidsmøte for barnehageleiarane og skuleleiarane saman med mobbeombodet.

I arbeidsmøtet vart det organisert grupper på tvers, der deltakarane reflekterte i lag over viktige spørsmål. Det var ikkje alle spørsmåla det var tid til å gå i djupna på, men å setje i gang tankeprosessen var ei viktig målsetjing for arbeidsmøtet.  

Systematisk arbeid for eit trygt og godt læringsmiljø i barnehagen og skulen stod på agendaen. Møtedeltakarane såg på korleis barnehagen eller skulen kan få til eit best mogleg samarbeid med heimane, og korleis ein kan dra nytte av kvarandre til beste for barnet. Kva skal til for å ivareta barnets beste under ulike utfordringar var også tema på møtet.

På ettermiddag var alle medlemmar i FAU (Foreldrerådets arbeidsutval) – barnehage og skule i Volda kommune invitert til møte med mobbeombodet på Samfunnshuset.

På agendaen stod det: 

  • Mobbeombodet deler erfaringar frå barnehage/skule – heimsamarbeid i saker ho har jobba med.
  • Korleis kan FAU bidra i arbeidet med trygt og godt psykososialt læringsmiljø i barnehage og skule?
  • Systematisk arbeid i samarbeidet mellom barnehage/skule og heimen i det førebyggande arbeidet som gjeld trygge og gode læringsmiljø.

Oppgåvene til mobbeombodet

Kristin Øksenvåg, mobbeombodet i Møre og Romsdal fylke, starta med å fortelle om kva oppgåver ho har som mobbeombod. 

– Mobbeombodet skal bidra til at barn og elevar får oppfylt rettane sine til trygge og gode miljø i barnehage og grunnskule. Mobbeombodet er eit lågterskeltilbod som det skal vere  enkelt å kome i kontakt med, og som skal skal støtte og rettleie barn, ungdom og foreldre i vanskelege situasjonar knytt til utrygt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet er uavhengig og talar alltid barn og unge si sak. 

I vanskelege konfliktsaker slit ein gjerne med svekka tillit til kvarandre, då kan det vere godt med hjelp utanfrå. Av og til treng ein berre å få rydda litt i eige hovud. 

Det er stort sett foreldre til barn i skulen som tek kontakt med ho. Barnehage- og skuletilsette tek også kontakt. Det kan vere godt å ha ein sparringspartnar, nokon å spele ball med. Når ho vert kontakta for å hjelpe til i konfliktsaker har ho rolla som brubyggjar. Mobbeombodet passar også på at rettane til barn og elevar blir vareteke. 

Dersom ho finn forhold som ikkje er som dei bør vere, sender ho bekymringsmelding til kommunen. 

Korleis kan vi i fellesskap førebygge mobbing?

Mobbeombodet snakka om kva rolle vaksne, tilsette og foreldre har. Eit trygt og godt oppvekstmiljø kjem ikkje av seg sjølv. Det krev innsats både frå føresette og andre vaksne rundt barna.

Forskning visert at utrygge miljø lettare kan skape mobbing. Det skjer særskilt der det ikkje er trygge nok relasjonar mellom ulike personar.   

Mobbing kan handle om alle dei små tinga som gjer at ein kjenner at ein ikkje er god nok, at ein ikkje får høre til, eller at nokon ikkje får vere med i leiken. Barn og unge kan til dømes rangere kvarandre i sosiale media. 

Det er fort gjort å tenke at der er noko gale med dei som mobbar, og at det også er noko gale med foreldra deira. Det stemmer ikkje.

Mobbing kan skje i alle grupper, i alle aldre.  Det er ikkje gitt på førehand kven som mobbar og kven som blir mobba. I utrygge miljø, der det er kamp om å få høyre til i fellesskapet, kan vi gjere mange vonde ting mot kvarandre for å  ikkje blir utestengt, sjølv om vi veit at det vi gjer er gale. 

Som vaksne må vi forstå kva som skjer mellom barna, kva for gruppemekanismar som er i sving, fordi vi som vaksne må hjelpe dei ut av uheldig situasjonar.

Barnehagen og skulen klarer ikkje å få til eit godt sosialt fellesskap aleine. Alle må samarbeide for å få til dette. Det må vere eit samarbeid mellom lærarane/andre tilsette, skuleleiinga og foreldre. 

På møtet var det også lagt opp til gruppearbeid der dei frammøtte diskuterte ulike oppgåver om korleis ein på best mogleg måte kan få til eit godt samarbeid mellom barnehage, skule og heim.

Det å snakke saman og skape gode relasjonar i fredstid er veldig viktig for vidare samarbeid. Dersom det skulle oppstå utfordringar seinare er det gull verdt å ha ein god relasjon på førehand. Då har ein eit langt betre grunnlag for å løyse konfliktar som måtte oppstå. 

 

Alle frammøtte fekk utdelt Oppvekstplan sektor oppvekst 2022-2027, som er eit verdidokument som seier noko om verdiane våre og haldningane til barn og unge. 

Du finn informasjon om mobbeombodet på mrfylke.no.

På sida foreldreutvalgene.no/fug/  finn du ulike råd og hjelpemiddel for samarbeid.

 

FAU (Foreldrerådets arbeidsutval) har ei viktig rolle i å førebygge mobbing i barnehage og skule. Foreldre er ein viktig ressurs i arbeidet mot mobbing, og FAU kan bidra på fleire måtar, blant anna ved å:

  1. Samarbeide med barnehagen og skulen for å skape eit trygt og inkluderande miljø for alle barna.
  2. Informere og engasjere foreldre om mobbing og korleis dei kan bidra til å førebygge det.
  3. Bidra til å skape gode relasjonar mellom foreldre, barn og tilsette i barnehagen og skulen for å førebygge konfliktar.
  4. Følgje opp saker der barn eller foreldre opplever mobbing og samarbeide med barnehagen eller skulen for å finne løysingar.
  5. Delta i arbeidsgrupper og prosjekt som arbeider mot mobbing i barnehagen og skulen.

FAU har ei viktig rolle i å førebygge mobbing i barnehage og skule, og samarbeid mellom foreldre, skulen og barnehagen kan vere avgjerande i kampen mot mobbing

Barnehage- og skuleleiarane i arbeidsmøte med mobbeombodet. - Klikk for stort bileteBarnehage- og skuleleiarane i arbeidsmøte med mobbeombodet. Volda kommune Kristin Øksenvåg, mobbeombod Møre og Romsdal fylke  hadde eit inspirerande føredrag for FAU og tilsette i barnehage og skule. - Klikk for stort bileteKristin Øksenvåg, mobbeombod Møre og Romsdal fylke, hadde eit inspirerande føredrag for FAU og tilsette i barnehage og skule. Volda kommune Det var mange som møtte for å høyre på mobbeombodet som var på besøk i Volda. Her held ho føredrag for FAU og tilsette. - Klikk for stort bileteDet var mange som møtte for å høyre på mobbeombodet som var på besøk i Volda. Her held ho føredrag for FAU og tilsette. Volda kommune Kristin Øksenvåg, mobbeombod i Møre og Romsdal fylke held føredrag. Her viser ho ein plansje som viser to sider ved fellesskapet, ei grøn og ei raud. - Klikk for stort bileteKristin Øksenvåg, mobbeombod i Møre og Romsdal fylke. Her viser ho ein plansje som viser to sider ved fellesskapet. Volda kommune