Mogleg svindelforsøk i Volda

Mogleg svindelforsøk i Volda

Åtvarar mot uvedkomande som utgir seg for å vere frå brannvernet for å kome inn å kontrollere brannsikkerheit. 

Knut Øystein Ekroll, branningeniør - Klikk for stort bilete Volda kommune

Mogleg forsøk på svindel frå personar som utgir seg for å kome frå kommunen

Volda kommune har fått høyre at fleire innbyggarar i Volda sentrum har fått besøk av personar som utgjer seg for å være myndigheitspersonar som skal kontrollere brannsikkerheita.


– Det er ikkje personell frå Volda brann og redning som har vært på besøk på disse adressene, seier Knut Øystein Ekroll,
branningeniør i Volda kommune.
 

– Vi utfører no tilsyn med fyringsanlegg, disse tilsyna er alltid varsla via SMS eller brev. Våre tilsette er uniformerte og køyrer uniformerte bilar, vi går ikkje rundt på kveldstid.


– Vi rådar alle som får slike uanmeldte besøk om å ikkje sleppe dei inn i huset og å melde frå til politiet seier branningeniør Knut Øystein Ekroll i Volda brann og redning.

– Brannvernet driv ikkje med salsverksemd, og vil aldri selje produkt eller tenester på denne måten.

– Førjulstida er høgsesong for brannar, og dette kan bli utnytta av svindlarar, seier Ekroll.


– Sjølv om sjekk av røykvarslarar og julepynten er viktig no før jul så er det viktig å være årvakne.

 

Politiet bør varslast på tlf 02800 (direktenummer til politisentralen for ting som ikkje er akutt) dersom du får slike personar på dør. 
Naudnummeret 112 er berre ved behov for augeblikkeleg hjelp.