Møringsbåten «Skjerven» til Volda-hamna

Møringsbåten «Skjerven» til Volda-hamna

Møringsbåten Skjerven Volda  fotograf Frode Pilskog - Klikk for stort bilete Frode Pilskog Møringsbåten «Skjerven» la til ved gjestebrygga i sentrumshamna i slutten av mai i år - 2022.

Dette er ein såkalla møringsbåt på ca 34 fot, som er bygd på Bjørkedalen i 2008 av Jakob S. Bjørkedal, Ottar Bjørkedal og Ola Følsvik. Båten skal eigast og driftast i fellesskap av Bjørkedal kystlag og Høgskulen i Volda og skal ha fast plass på innsida av gjestebrygga i sentrumshamna. Denne typen båtar vart konstruert/teikna av voldingen Sivert Halkjelsvik kring 1870-talet.

Intensjonane med båtprosjektet «Skjerven» er å skape interesse for trebåtbyggarkunsten og å gjere folk medvitne om stolte lokalhistoriske tradisjonar, lære sjømannskap, lære å segle og å skape grunnlag for liv og aktivitet i Volda sentrum. Ein vonar at båten også vert ein attraksjon for turistar som vitjar oss.

Kommunen si rolle i prosjektet er endra frå utgangspunktet som var å få bygd ein ny møringsbåt som del av sentrumsprosjektet i Volda der publikum skulle følgje heile byggeprosessen frå start til ferdig båt til at ein no stiller gratis plass ved gjestebrygga til rådvelde. Kommunen har også ansvar for å utarbeide informasjon ved flyndrekaia som fortel om båtbyggjartradisjonane i kommunen og om «Skjerven» spesielt.

Volda Sogelag har gjort vedtak om at naustet ved Garvarbuda kan søkjast ombygd og disponerast som fast opplagsplass for båten om vinteren.

Honnør til Bjørkedal kystlag og Høgskulen i Volda som slik er med på å lage ein vakker og identitets-skapande dimensjon i «bybiletet». Honnør også til Sparebanken Møre som støttar prosjektet økonomisk!

Møringsbåten Skjerven ved gjestebrygga i Volda  fotograf Antje Meier - Klikk for stort bileteMøringsbåten Skjerven ved gjestebrygga i Volda. Torgeir Stensø   

Artikkeltekst Torgeir Stensø