Når barnet ditt vert sjukt - Førstehjelp til små barn.

Når barnet ditt vert sjukt - Førstehjelp til små barn.

Lisbeth Hoggen Totlan saman med kursdeltakar Sunniva Utnes Kvangarsnes som øver på ei førstehjelpsdukke - Klikk for stort bileteLisbeth Hoggen Totland, frå Søre Sunnmøre legevakt, viser kursdeltakar Sunniva Utnes Kvangarsnes korleis utøve førstehjelp på eit lite barn ved hjelp av ei førstehjelpsdukke. Volda kommune

Helsestasjonen i Volda og Søre Sunnmøre legevakt inviterer til informasjonsmøte om førstehjelp for dei minste barna. Informasjonsmøtet skal vere måndag 18. september klokka 14.30-15.30.

Føresette til barn under tre år er spesielt invitert, men kurset er ope for alle som vil kome.

 

Tid: Måndag 18. september klokka 14.30-15.30

Stad: Amfiet på Øyra skule, hovudinngangen

Merk: Det er er dårleg med parkeringsplassar i området

Målgruppe: Føresette til born under 3 år, men alle er velkomne

 

Bakgrunn:

Det er mange foreldre som har spørsmål og vert bekymra når dei minste barna vert sjuke. 

Dette er heilt normalt, og i denne samanheng ynskjer vi å tilby informasjon om dette temaet.

Det vil også bli gitt kort demonstrasjon av førstehjelp til små barn. 

Det vil bli fokus på nyttige tips og råd, slik at foreldra kan verte meir trygge når barnet blir sjukt.

 

Vi håper flest mogleg har høve til å møte.

 

Volda helsestasjon og Søre Sunnmøre legevakt ønsker velkomen.