Når barnet ditt vert sjukt - Førstehjelp til små barn

Når barnet ditt vert sjukt - Førstehjelp til små barn

Måndag 3. mars arrangerte Helsestasjonen i Volda og Søre Sunnmøre legevakt eit gratis kurs for føresette til barn under tre år på Øyra skule.

Tre ansatte frå Søre Sunnmøre legevakt stod for kurset. Rebecca Vikene

Målet med kurset var å gi foreldra nyttige tips og råd, slik at dei kan føle seg tryggare dersom barna deira blir sjuke. Under kurset fekk deltakarane verdifull informasjon om vanlege helseproblem hos små barn og korleis dei kan handtere dei. 

Instruktør frå legevakta demonstrerer førstehjelp på ei dokke. Rebecca Vikene

I tillegg vart det ein kort demonstrasjon av førstehjelp for små barn, der alle deltakarane fekk moglegheit til å øve på dukker for å bli meir sjølvsikre i akutte situasjonar.