Nedstenging av koparnettet 31. oktober

Nedstenging av koparnettet 31. oktober

Bilete av ordførar Sølvi Dimmen og leiar digitalisering Paul Ottar Tornes - Klikk for stort bilete Volda kommune

Telenor har varsla om at koparnettet vert stengt ned 31. oktober 2022. Ordførar, Sølvi Dimmen, og leiar digitalisering, Paul Ottar Tornes, tok ein prat om kva dette vil seie. 

Telenor har varsla at koparnettet vert stengt ned 31. oktober 2022. Dette får konsekvensar for dei som ikkje har fått bytta ut koparnett med fibernett.

I denne videoen snakkar ordførar, Sølvi Dimmen, og leiar digitalisering, Paul Ottar Tornes, om kva dette vil seie. Kva ansvar har Telenor og kva ansvar har kommunen?

Telenor har ansvar for å levere talekommunikasjon. Telenor seier at dei vil dele ut mobilt utstyr, kostnadsfritt og utan bindingstid til dei det gjeld. Dette utstyret er ei boks med ei antenne som er langt sterkare enn antennen på ein mobiltelefon. Telenor har presisert at dei kjem ikkje til å stenge ned koparnettet for nokon dei ikkje klarer å levere alternativ løysing til.