No er det tilgang til straum på Prestholmen
        Torgeir Stensø
    
Arbeidet med å legge fram straumkabel til Prestholmen er fullført og skap med straumuttak er montert på den sørvestlege delen av holmen. 
Det er også montert eit eige forsyningsskap til Prestholmen ved turvegen i Elvadalen. Tussa Installasjon AS har gjennomført oppdraget med R Dale Maskin AS som grøfteentreprenør. 
Fordelingsskapet er plassert slik at det vil vere mogleg å nytte til ulike arrangement og aktivitetar på holmen, t.d i samband med "Øyralangs" men og til eventuell bygging og bruk av framtidig utescene i området.
Tiltaket er finansiert med midlar frå Volda kommune  sentrumsprosjektet.
    
      
        Publisert 17.10.2022 15:36
        
          Sist endra 18.07.2023 04:50